Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar / seniorrådgivar - Avdeling for prisar, finans- og utanriksstatistikk

Søknadsfrist: 04.12.2019

Seksjon for finansmarknadsstatistikk har ansvaret for å hente inn, arbeide med og analysere rekneskapsdata for finansielle føretak og verdipapirstatistikk. Vidare har seksjonen ansvaret for å utarbeide rentestatistikk for bankar og kredittverksemder, samt statistikk for pengemengda og kredittindikatoren. Seksjonen har no ledig to stillingar, der den eine stillinga er knytt til produksjon av rekneskapsdata for finansielle føretak, og den andre er knytt til produksjon av verdipapirstatistikk.

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon

Arbeidsoppgåver

  • Innhenting og tilarbeiding av data for verdipapir
  • Innhenting og tilarbeiding av data for finansielle føretak
  • Internasjonal rapportering av finansmarkedsdata

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan økonomi/samfunnsøkonomi
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Kunnskap om verdipapirmarknaden er ein fordel
  • Kunnskap om den finansielle næringsverksemda sine rekneskapar er ein fordel
  • Gode IT-kunnskapar er ein fordel
  • Du må ha gode norske- og engelskkunnskapar
  • For tilsetjing som rådgivar/seniorrådgivar krev vi relevant arbeidserfaring, eksempelvis innan statistikkproduksjon eller finansielle føretak og rekneskapar

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, sjølvstendig og analytisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for analyse og samanstilling av data
  • Interesse for makroøkonomi og finansmarknader
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn som fyrstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar, kr. 456 400 - 640 100 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode moglegheiter for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast / bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument og gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om det før offentleg søkjarliste blir utforma.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vere innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål, jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.

Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Webcruiter-ID: 4152021495

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Dan Gallefoss (Seksjonssjef), 21 09 45 15