Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar - konjunkturstatistikk

Søknadsfrist: 12.12.2019

I Seksjon for næringslivets konjunkturar er det ledig inntil to stillingar som førstekonsulent/rådgivar. Stillingane har oppgåver innanfor energi- og industristatistikk, men kan òg få andre oppgåver i seksjonen.

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Seksjonen har om lag 20 årsverk og har ansvar for månadlege og kvartalsvise statistikkar i Avdeling for nasjonalrekneskap og næringsstatistikk som er viktige for konjunkturbildet. Seksjonen skal støtte forbetrings- og endringsarbeid til avdelinga på sine område, og arbeider tett opp mot kvartalsvis nasjonalrekneskap og konjunkturtendensane i Forskingsavdelinga i SSB. Arbeidsoppgåvene vil omfatte vidareutvikling av statistikkar innan emnet energi og industri, gjennomføring av undersøkingane, utarbeide og formidle resultata, samt analysar innanfor statistikkområdet og næringsstatistikk generelt.

Vi søker nå etter deg som har interesse for emnet og relevant bakgrunn, som kan bidra til å vidareutvikle statistikkproduksjonen innanfor konjunkturområdet. Er du ein av dei vi treng?

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undersøkingar om temaa energi, industri, bygg og anlegg
  • Utvikling, drift, kvalitetssikring og dokumentasjon av statistikkar
  • Tolke resultata og gjere enkle og meir avanserte analysar
  • Presentere resultata i artiklar, tabellar og figurar på ssb.no
  • Arbeidsoppgåvene for rådgivar vil være meir sjølvstendige og ligg på et høgare nivå enn stilling som førstekonsulent.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradnivå, til dømes siviløkonom eller samfunnsøkonom
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar, til dømes SAS eller tilsvarande (SPSS)
  • Ønskeleg med tematisk kompetanse om energi, industri, bygg og anlegg
  • Ønskeleg med erfaring innanfor statistikkproduksjon
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner og god talforståing
  • Pliktoppfyllande og kvalitetsbevisst
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevnerInitiativ og evne til nytenking
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr. 456 400-552 800 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn eller stillingskode kan vurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo
  • Et godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast/leggast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører bakgrunnssjekk og kontrollerer dokumenta.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en. Søkjarar som melder at dei har nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en, må være med vitne om at denne opplysninga kan bli brukt i samband med registrering, jf regjeringa sitt arbeidmed inkluderingsdugnaden.

Webcruiter-ID: 4161971318

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: