Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar - Avdeling for nasjonalregnskap og næringsstatistikk

Søknadsfrist:14.10.2019

I Seksjon for næringslivets utvikling er det ledig inntil tre stillingar som førstekonsulent/rådgivar. Seksjonen har i underkant av 20 medarbeidarar og utarbeider mellom anna statistikk over IKT-bruken til samfunnet, FoU og innovasjon i næringslivet, utanlandsfinansiering av norsk næringsliv og andre forhold knytt til utviklinga til næringslivet.

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå - tall som forteller


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for offisiell statistikk i Norge og har en omfattende forsknings- og analysevirksomhet.

Vi har rundt 850 medarbeidere lokalisert i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuere over hele landet.

SSB publiserer daglig statistikk og analyser på ssb.no og har et stort kontaktnett, også internasjonalt.Vi er en kompetansebedrift med faglig utfordrende arbeidsoppgaver, som satser målrettet for å modernisere SSB og bygge en fremtidsrettet organisasjon.

Ein, eventuelt to stillingar, vil innehalda varierte arbeidsoppgåver innanfor området IKT-statistikk, primært for hushaldssektoren og offentleg sektor. Den andre vil ha oppgåver innanfor etablerarstatistikk, verksemder si overleving og vekst, styre og leiing i næringslivet mm. Den som blir her tilsett vil òg ha som oppgåve å administrera databasar og bidra til effektivisering av statistikkproduksjonen gjennom programutvikling, og dessutan få ansvar for at datahandteringa til seksjonen er tilpassa EU si personvernforordning (GDPR).

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undersøkingar om utviklinga i norsk næringsliv
  • Utvikling, drift, kvalitetssikring og dokumentasjon av statistikk
  • Strukturering og handsaming av data
  • Utarbeiding og presentasjon av tall og tabeller
  • Publisering og analyse innanfor stillinga sine fagområde
  • Bidra i tverrgåande arbeid og til utvikling av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå
  • Gode IT-kunnskaper
  • God talforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring innan programmering og/eller databehandling
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Personlige eigenskapar

  • Kunnskap om og interesse for arbeidsområda
  • Analytiske evner
  • Systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevnerInitiativ og evne til nytenking

Vi tilbyr

Lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr. 456 400 - 552 800 etter kvalifikasjonar.

  • Høgare lønn kanvurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokalar i Oslo
  • Et godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen.

Vi ber søkararsom blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vikontrollerer dokumenta og gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkarar før tilsetting.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede omikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varslaom dette før offentleg søkarliste blir laga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodarkvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevneeller brot i CV-en. Søkjarar som melder at dei har nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en, må væremedvitne om at denne opplysninga kan bli brukt i samband med registrering, jf regjeringa sitt arbeidmed inkluderingsdugnaden.

Webcruiter-ID: 4127631463

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Erik Fjærli (Seksjonssjef), (+47) 922 37 997
  • Lars Wilhelmsen (Seniorrådgivar), (+47) 21 09 42 05