Studentmedarbeidar (konsulent) - Bergen Energy Lab
Søknadsfrist: 26.09.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studentmedarbeidar (konsulent)
Bergen Energy Lab søkjer studentmedarbeidar (1065 konsulent) i 20 % stilling frå 1. november 2022 til 30. juni 2023.
Om stillinga
Stillinga er knytt til drift av Bergen Energy Lab sine arrangement (primært lunsjwebinara som går kvar veke, men og opptil 2 årlege halvdagsseminarar), oppdatering av nettside og sosiale media. Stillinga er ved studieseksjonen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa vil vere dagleg leiar for arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Kontakt med foredragshaldarar og innhenting av relevant informasjon
Utarbeiding av informasjon om arrangementa
Sekretær for programkomiteen
Ansvar for praktisk gjennomføring av halvdagsseminara
Publisering på nettsida og informasjon i sosiale media – facebook og LinkedIn
Oppdatering og vedlikehald av kontaktlistar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Må ha erfaring med publisering på nettsider og sosiale media
Der er ein fordel med erfaring frå publisering på UiB sin nettportal
Fagleg bakgrunn innan energiomstilling er ein fordel
Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Arbeidsspråket på Bergen Energy Lab er engelsk, og søkjaren må beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
Det er en føresetnad at du er student ved Universitet i Bergen i tilsettingsperioden.
Generell informasjon:
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju i veke 40/41
Du vil bli tilsett som konsulent i 20 % stilling som konsulent i stillingskode 1065 og vil få lønnstrinn 36 (tilsvarar kr 193,40 per time)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Rådgivar energiomstilling Gry E. Parker, telefon +47 55 58 35 78 / e-post gry.parker@uib.no