LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Arkivmedarbeidar / seniorkonsulent (vikariat)

Søknadsfrist: 07.10.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira digital- og informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit 100 % vikariat som arkivmedarbeidar (1363 seniorkonsulent) for seks månader med moglegheit for forlenging. 

Den tilsette vil jobbe med arkivfaglege arbeidsoppgåver, saksbehandling og forefallande arbeid ved Skeivt arkiv. 

Skeivt arkiv er ei av dei fire einingane ved Seksjon for spesialsamlingar ved UB. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript, kart, aviser og faghistoriske arkiv. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Skeivt arkiv er også det nasjonale kunnskapssenteret for historia om kjønns- og seksualitetsmangfald, og har som formål å samle inn, bevare og formidle Noregs skeive historie i vid forstand. Arkivet har sju fast tilsette.

Vi søker ein strukturert og engasjert medarbeidar som trivest med praktisk og systematisk arbeid med arkiv og samlingar.

Arbeidsstad er for tida HF-Bygget, Sydnesplassen 7, Bergen, men andre arbeidsstader kan også bli aktuelle.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver:

  • Innsamling og ordning av arkiv
  • Digitalisering av materiale (skanning og katalogisering)
  • Saksbehandling og publikumskontakt
  • Preservering, lettare konservering av arkiv
  • Digitalisering av materiale (skanning og katalogisering)
  • Anna forefallande arbeid
  • Ytterlegere arbeidsoppgåver kan bli pålagt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Må ha:

  • Utdanning på masternivå innan relevante fag som t.d. historie, arkivfag eller kulturvitskap. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med ordning av arkiv
  • Kjennskap til og erfaring med arkivprogrammet ASTA
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Ønskeleg:

  • Erfaring med saksbehandling i Elements
  • Kunnskap om skeiv historie og handtering av materiale knytt til dette i kulturarvinstitusjonar
  • Erfaring med lettare konserverings- og preserveringsarbeid
  • Erfaring med digitaliseringsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Systematisk, ryddig og nøyaktig
  • God gjennomføringsevne
  • Lærevillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til å ta initiativ og jobbe sjølvstendig

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit fagleg engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver innan bevaring og formidling av kulturhistorisk materiale
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) kr. 586 100 til kr. 616 100 i det statlege lønnsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge, tlf. 988 53 148 / 55 58 25 72, epost: bjorn.bagge@uib.no eller 
  • Fungerande fagleg leiar for Skeivt arkiv, førstebibliotekar Runar Jordåen, tlf. 55 58 25 22, e-post: Runar.Jordaen@ uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS