Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Høgskulelærar (journalist)
Vil du vere med å bygge opp og leie landets første erfaringsbaserte masterprogram i undersøkande journalistikk? Frå januar 2022 skal Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) etablere dette. Det er difor ledig ei fast 100 % stilling som høgskulelærar frå hausten 2021.
SUJO er lokalisert i Media City Bergen og har som mål å styrke den undersøkande journalistikken i Norge. Senteret har ei spesiell forplikting overfor mindre redaksjonar, lokale og regionale medier. 25 omfattande graveprosjekt har sidan januar 2019 blitt publisert i norske medier med hjelp frå SUJO.
Programmet og kursa skal vere for journalistar som er i arbeid og skal tilretteleggast som digitale og samlingsbaserte kurs. Stillinga har ansvaret for utvikling, planlegging og gjennomføring av etter- og vidareutdanningstilbodet.
Som medarbeidar ved UiB/SUJO blir du ein aktiv deltakar i eit redaksjonelt miljø med erfarne journalistkollegaer, forskarar, masterstudentar og gjestande journalistar.
Arbeidsoppgåver:
Koordinere og drifte utdanningspakken
Leie workshops i undersøkande journalistikk
Rettleie studentar
Rettleie undersøkande journalistiske prosjekt i norske redaksjonar
Tett kontakt med bransje og relevante fagmiljø
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Brei journalistisk praksis med erfaring frå større undersøkande prosjekt, som journalist eller leiar
Fire års høgare utdanning, minst to av disse frå eit fagfelt relevant for stillinga
Motivasjonsevner
Breitt nettverk i mediebransjen
Gode samarbeidsevner
Stor arbeidskapasitet og stå-på-evne
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som høgskulelærar etter lønssteg 60 – 66 (Lpl.17.510/ kode 1007/LR.23) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 543 500,- - 604 700,- brutto. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Vitnemål, attestar etc.
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
For utfyllande opplysningar om stillinga kontakt:
Prosjektleiar Lars Arve Røssland, mobil 90893452,
Senterleiar Per Christian Magnus, mobil 41423330 eller
Reportasjeleiar Kristine Holmelid, mobil 90950320
Søknadsfristen er 15. august 2021, og søknaden skal merkast 2021/9296
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.