Kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 20.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved Det humanistiske fakultet.
Er du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet? Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som eignar å arbeide både strategisk og operativ i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap.
Det humanistiske fakultet (HF) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange fremragande forskingsmiljø og forskarar.
Fakultetet har fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette.
Stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetssekretariatet og du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. Stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og forskingsformidling, men har også andre viktige oppgåver.
Her finn du meir informasjon om Det humanistiske fakultet.
Arbeidsoppgåver:
Formidling av forsking og utdanning
Bidra til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar
Synleggjera satsingsområder, utdanningsportefølje og forskingsprosjekt
Bidra til at fakultetets verksemd er synleg i offentlegheita
Nettsider:
Operativ webredaktør med ansvar for forvaltning og utvikling av fakultets nettsider
Produsere digitalt innhald som tekst, video og bilete for ulike digitale kanalar og sosiale medium
Drive nettverk for lokale webkontakter ved fakultets einingar, inkludert opplæring
Representere HF i relevante nettverk ved UiB
Kommunikasjonsrådgiving
Kommunikasjonsrådgiving til fakultetsleiinga og leiinga ved institutt/senter og til lokale webkontaktar
Planlegge og delta i marknadsførings-/rekrutteringsaktiviteter
Bidra til intern informasjonsflyt og nyheitsformidling
Planlegge, gjennomføre og bidra til ulike arrangement (prisseremoniar, Forskingsdagane, Christiekonferansen m.m.)
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett oppdaterer seg fagleg og bidreg til utviklinga av feltet. Den som blir tilsett må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i førefallande oppgåver.
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning
Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Dokumentert kompetanse og erfaring frå digitale kommunikasjonsverktøy er ein stor føremon
I tillegg ønsker vi at du er:
ansvarleg og løysingsorientert
samarbeider og kommuniserer godt
arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne
sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik
taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og tidsfristar
positiv, raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
ein god lagspelar og relasjonsbyggar
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga
Vi kan tilby:
Løn som rådgjevar tilsvarande lønssteg 64-69 (kode 1434) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 624 500 – 679 700,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Eit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:
Seksjonssjef Kirsten Moen på telefon 55 58 80 85, eller ved epost kirsten.moen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.