LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar - digital marknadsføring

Søknadsfrist: 01.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar, digital marknadsføring

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik kommunikasjonsrådgjevar i fast 100 % stilling (kode 1434 rådgjevar). Stillinga er knytt til Gruppe for prosjekt og marknadsføring på Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

UiB skal vidareutvikle digitale kanalar for kommunikasjon, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging og ser etter ein allsidig rådgjevar til å styrke kompetansen på området.

Du blir ein del av eit offensivt kommunikasjonsmiljø som tek sikte på å vere leiande i sektoren på digital kommunikasjon. Vi jobbar tett med fleire av dei leiande kommunikasjons- og analysebyråa i Noreg for at UiB skal styrke eit allereie godt omdømme.

Den vi søker må ha solid kompetanse på digital kommunikasjon, publiseringsløysingar og plattformar. Erfaring med interaksjonsdesign og analyse av brukaråtferd vil vere ein fordel. Stillinga vil òg innebere operativt, praktisk kommunikasjonsarbeid, mellom anna knytt til studentrekruttering, forskingskommunikasjon, utvikling og bidrag til arrangement.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av marknads- og kommunikasjonsoppgåver som krev høg kompetanse på digitale verktøy og forståing for moglegheitene som ligg i desse.

  • Utforme, produsere og publisere relevant og målretta innhald til digitale flater
  • Vidareutvikle digital marknadsføring på UiB sine nettsider og andre digitale plattformar
  • Arbeid med nettsider inkl. søkemotoroptimalisering, brukartesting og analyse
  • Delta i prosjekt for oppgradering og utvikling av www.uib.no

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på bachelornivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
  • Erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging
  • Relevant erfaring med utvikling og produksjon av digitalt innhald (t.d. nettinnhold, annonser mm)
  • Solid erfaring med digitale kommunikasjonsflater, brukartesting og analyseverktøy
  • Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
  • Erfaring med å koordinere og leie prosjekt eller arrangement er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Ein god lagspelar og relasjonsbyggar

Stillinga krev at du søker relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt. Du må arbeide systematisk og ha gode koordineringsevner.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokalar i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årslønn som for tida tilsvarar kr. 563 000 - 626 000 brutto) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert.
  • Gode velferdsordningar, blant anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleiar Odd Vegard Kandahl-Wright: Odd.Kandahl-Wright@uib.no/ 99500960 eller
  • Seniorrådgjevar Ingeborg Revheim: Ingeborg.Revheim@uib.no/ 97516025

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS