LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar - SoMe

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar

Er du god på sosiale medium, foto og video? Er du kreativ, analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper? Då kan du vere den vi ser etter!

Kommunikasjonsavdelinga ved UiB søker ein idérik visuell historieforteljar til å jobbe målretta med å vidareutvikle våre digitale kanalar. Her vil du inngå i eit team som har hovudansvaret for å lage nyskapande innhald til UiB sine SoMe-kanalar. Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er ei fast 100%-stilling (kode 1434 rådgjevar).

Den rette kandidaten har god innsikt i korleis ein kan levere nyskapande og engasjerande innhald. Du er kreativ, oppdatert og har eit friskt blikk for korleis kunnskapsinstitusjonar som UiB kan bli meir synlege. Du er nysgjerrig på ny teknologi, og har ulike strategiar for å skape interaksjon med ei ung målgruppe.

Arbeidsoppgåver:

  • Være ansvarleg for UiB sine hovudkanalar i sosiale medium
  • Planlegge og koordinere innhald
  • Produsere, redigere og publisere digitalt innhald som video, bilde, og stories
  • Måling og analyse av effekt, gjennomslag og rekkevidde
  • Handtere andre oppgåver ved avdelinga ved behov, mellom anna skrive nyheitssaker og svare på mediespørsmål
  • Noko reiseaktivitet og arbeid på kveld/helg bør påreknast

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på bachelornivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
  • Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
  • Stor interesse for eksisterande og komande sosiale medium
  • Eit analytisk blikk på korleis ta i bruk nye teknologiar og plattformar
  • God forståing for korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper
  • Relevant arbeidserfaring og interesse for forskingsformidling
  • God skriftleg framstillingsevne (bokmål, nynorsk og engelsk)
  • Kreativ og nytenkande
  • Fleksibel og ha evne til å halde fleire ballar i lufta samtidig
  • God vurderingsevne og evne til å handle raskt når det trengs
  • Gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit godt, dynamisk og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til kreativt arbeid
  • Stilling som rågjevar (kode 1434) i lønnstrinn 62-67 (for tida kr 563 900 - 615 800) i det statlege lønnsregulativet. For særskilit kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å kontakte:

  • Arbeidsleiar for SoMe-teamet, Ida Bergstrøm, [email protected], tlf. 958 01 423 , eller
  • Direktør ved Kommunikasjonsavdelinga Olaf Erlend Gundersen, [email protected], tlf. 908 90 793

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Oppstart så raskt som mogeleg.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS