LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsavdelinga (rådgjevar) - frontend-utviklar

Søknadsfrist: 01.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig frontend-utviklar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Utviklaren skal ha ei sentral rolle i arbeidet med utviklinga av UiB sine nettsider

Som frontend-utviklar vil du være med å skape eit moderne og brukarvenleg nettstad i lag med dyktige designarar, interaksjonsdesignarar, programmerarar og kommunikasjonsrådgjevarar.

Våre nettsider skal ha ein standard som bygger opp under vårt faglege ambisjonsnivå for forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Nettstaden skal ha eit heilskapleg preg i design og struktur, og med brukarvenlege tenester som er tilpassa målgruppene. UiB brukar Drupal som CMS.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle/videreutvikle uib.no (Drupal)
  • Lage gode brukargrensesnitt
  • Utvikle ny funksjonalitet
  • Delta i stort pågående utviklingsprosjekt for UiBs nettsider

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring med Drupal
  • Erfaring med html, css/sass og javascript
  • Kunnskap om brukaroppleving, interaksjonsdesign og universell utforming
  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Evne til å kommunisere på norsk og engelsk

Det er eit stort pluss om du har

  • Eit analytisk blikk på digitale plattformar
  • Erfaring med utvikling av store nettsteder
  • Erfaring med designsystem

Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr 570 000 og kr 700 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Ein spennande jobbkvardag og utviklande arbeidsoppgåver i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Fleksibel arbeidstid med moglegheit for noko heimekontor
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kommunikasjonsdirektør Olaf Erlend Gundersen Olaf.Gundersen@uib.no / 908 90 793 eller
  • Seksjonssjef Hans-Petter Isaksen: hans-petter.isaksen@uib.no / 454 29 866

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS