LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskningsformidler (rådgiver) - NORDICOM

Søknadsfrist: 29.03.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig fast stilling som forskingsformidlar (rådgjevar). Forskingsformidlar er ansvarleg for drifta av den norske avdelinga av Nordisk informasjonssenter for medie- og kommunikasjonsforsking, NORDICOM.

NORDICOM er en organisasjon for innsamling og formidling av forsking og statistikk om nordisk medieutvikling og for tilrettelegging av samarbeid mellom nordiske medieforskare. Hovudkontoret ligg ved Universitetet i Gøteborg og aktiviteten er støtta av Nordisk Ministerråd. NORDICOM driver mellom anna den digitale plattforma Nordmedia Network; publiserer vitskaplege tidsskrift og bøker; utarbeider statistikk om og analyser av nordisk medieutvikling og mediepolitikk.

Arbeidsoppgåver:

  • Redaktør for Nordmedia Network – en digital plattform for nordiske medie- og kommunikasjonsforskare. Oppgåvene omfattar publisering av innhald og utvikling av plattforma.
  • Samarbeide med nasjonale forskarforeiningar i Norden om å arrangere den Nordiske medieforskarkonferansen NORDMEDIA,
  • Formidling av norsk medie- og kommunikasjonsforsking i samarbeid med MedieNorge og Norsk medieforskarlag.
  • I samarbeid med instituttet levere innspel til høyringssvar og policy briefs innan områda media
  • Drive aktivt informasjonsarbeid i forskingsmiljøet om initiativ og aktivitetar som er av interesse for miljøet
  • Anna arbeid ved instituttet ved behov og kapasitet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum mastergrad i medievitskap eller tilsvarande
  • Interesse for, og kjennskap til forskingsformidling og kommunikasjonsarbeid. Relevant praksis frå feltet er ein føremon
  • God digital kompetanse og interesse
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Kjennskap til andre språk er ein føremon
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å kunne arbeide sjølvstendig

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som rådgjevar etter årsløn på NOK 573 900 – 615 000 (ltr. 62-66/kode 1434), i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Espen Dahle, tlf. 55583381, e-post: espen.dahle@uib.no

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2023/3428

Søknadsfrist: 29. mars 2023

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS