Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Kommunikasjonsrådgivar (UiO:Demokrati)

Søknadsfrist: 04.04.2024

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Demokrati, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Er du samfunnsengasjert og har erfaring med formidling og publisering på nettsider og sosiale medium? UiO:Demokrati treng ein kommunikasjonsrådgivar (SKO 1434) i 100 % fast stilling som kan formidle satsinga si faglege verksemd. Du vil arbeide ut mot forskarar og samarbeide tett med staben og direktøren for satsinga.

UiO:Demokrati er ei av Universitetet i Oslo sine tre større tverrfaglege satsingar. Først og fremst fangar UiO:Demokrati eit av dei mest aktuelle og brennbare spørsmålet for tida: Kva no for demokratiet? Per dags dato har satsinga ni forskargrupper og vi driv med mykje formidlingsverksemd gjennom konferansar, arrangement og tradisjonell forskingsformidling.

Du kan lese meir om satsinga her:

Grunnlagsdokument.pdf (uio.no)

Arbeidsoppgåver

  • publisere på nettsider og i sosiale medium
  • skrive artiklar og nyheitssaker
  • pleie kontakt med forskarar, medier og andre relevante samfunnsaktørar
  • gjere medieinnsal av saker om forskinga i UiO:Demokrati
  • utvikle, promotere og bistå med støtte til gjennomføring av arrangement

Ved behov kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant journalist- og/eller kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå (anna relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet)
  • erfaring med nettpublisering og bruk av sosiale medier til formidlingsarbeid
  • dokumenterte evner til å skrive gode tekstar på norsk
  • gode skriftlige formidlingsevner på begge målformer og på engelsk
  • god digital kompetanse kor det er ein fordel med kjennskap til publiseringsverktøy og Photoshop

Personlige eigenskapar

  • Du er strukturert, sjølvstendig og kreativ
  • Du trivst med eit høgt tempo i ei verksemd retta mot omverda
  • Du både trivst med og bidrar positivt til samarbeid
  • Du er samfunnsengasjert og liker å holde deg oppdatert

Vi legg stor vekt på at du er motivert og personleg skikka til stillinga. Du må rekne med noko arbeid knytta til arrangement utanom normal arbeidstid. 

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 565 900 til 667 700 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkere vil bli innkalt til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS