Kommunikasjonsrådgiver for sosiale medium og arrangement
Søknadsfrist: 21.05.2025
Publisert
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Vil du skape engasjement i sosiale medium og bidra til ein god studiestart for nye studentar?
Vi søkjer ein kreativ og strukturert kommunikasjonsrådgjevar til Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon ved OsloMet – storbyuniversitetet. Stillinga er plassert i seksjon for profilering, omdømme og rekruttering, og du vil spele ei sentral rolle i å koordinere og utvikle kommunikasjonen vår med studentar og andre målgrupper. Dette er ei fast stilling med oppstart så snart som mogleg.
Som kommunikasjonsrådgjevar vil du jobbe med å skape engasjement og tilhøyrsle blant relevante målgrupper, og bidra til å gjere OsloMet synleg gjennom arrangement og i sosiale medium. Du blir ein viktig del av eit team med høge ambisjonar for kommunikasjonsarbeidet ved universitetet.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere
leie arbeidet med studiestart og koordinere mottak av nye studentar, inkludert velkomstseremoni, fadderordning og andre aktivitetar dei første vekene
koordinere og utvikle OsloMet sin kommunikasjon i sosiale medium, inkludert oppfølging av dei dyktige studentmedarbeidarane våre
vere med på å planleggje, produsere og publisere engasjerande, relevant og målretta innhald i aktuelle digitale kanalar, til dømes sosiale medium, infoskjermar og nettsider
koordinere, utvikle og gjennomføre arbeidet med større arrangement ved OsloMet
Vi ser etter deg som har
universitets- eller høgskuleutdanning, minst bachelorgrad, fortrinnsvis innan kommunikasjon, medium, marknadsføring eller tilsvarande. Meget god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.
minimum to års relevant erfaring med kommunikasjonsarbeid
dokumentert erfaring med koordineringsansvar og gjennomføring av større arrangement
erfaring med strategisk planlegging og utvikling av sosiale medium
gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har
erfaring frå høgare utdanningsinstitusjon eller offentleg sektor
erfaring med redaksjonelt arbeid og publisering i digitale medium
erfaring med å leie og koordinere frivillige og/eller studentgrupper
grunnleggjande kunnskap om foto og visuelt uttrykk
Vi ønskjer deg som
Vi leitar etter deg som er kreativ og løysingsorientert i måten du jobbar på. Du må vere strukturert og organisert med evne til å planleggje og gjennomføre komplekse prosjekt. I denne stillinga er det viktig at du er inkluderande og samarbeidsorientert i møte med både studentar, tilsette og eksterne aktørar. Vi håpar du er sjølvgåande med god gjennomføringsevne, sidan arbeidet krev evne til å ta initiativ og følgje prosjekt frå idé til ferdigstilling med høg kvalitet.
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
Det er viktig for OsloMet å gjenspegle befolkninga i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du óg velkommen til å søkje hos oss.
Vi kan tilby deg
spennande jobb på Noregs tredje største og mest urbane universitet
ei nøkkelrolle i arbeidet med å skape engasjement og tilhøyrsle blant studentane
moglegheit for fagleg utvikling i eit dynamisk miljø med dyktige kollegaer
låne- og pensjonsvilkår i Statens Pensjonskasse
fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autorisert. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse.
Andre opplysningar
Ønskjer du nærare informasjon om stillinga kan du kontakte:
seniorrådgjevar og teamleiar, Lars Hilland, larshi@oslomet.no, 926 47 138
Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i 1434 rådgjevar frå kroner 542 300 – 686 000,- per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt to prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Opplysningar om deg som søkar kan publiserast på den offentlege søkarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir behandla konfidensielt. Viss det skjer, vil du bli varsla om det før publiseringa.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i vårt rekrutteringssystem.
OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).
Ansettelsen blir gjennomført etter prinsippene i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tjenester. Søkere som er i konflikt med dette regelverket vil ikke anses kvalifisert for stillingen.