Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Rådgiver / seniorrådgiver - Kommunikasjonsavdelinga

Søknadsfrist: 18.10.2019

Vil du vere med og vidareutvikle Statistisk sentralbyrå sin visuelle kommunikasjon av statistikk og analyse?

I kommunikasjonsavdelinga til SSB er det ledig ei fast stilling som designar. Avdelinga har bl.a. ansvar for drift, forvalting og utvikling av nettstaden ssb.no og dei andre formidlingskanalane våre, utvikling og forvalting av visuell profil samt produksjon av visuelt materiale.

SSB skal utvide designteamet sitt slik at vi i enda større grad kan formidle statistikk og forsking på ein visuell og brukarvennleg måte. Vi ønskjer å formidle meir statistikk gjennom datavisualisering, infografikk og visuell historieforteljing. Vi er også i ferd med å innføre ny visuell profil i heile verksemda, etablere eit designsystem og modernisere publiseringsløysinga vår for ssb.no.

Vi søkjer ein dyktig og nytenkjande designar som kan arbeide både strategisk og operativt med visuell kommunikasjon, primært på web og i sosiale medium. Vi får oppdraga våre både frå kollegaer i Kommunikasjonsavdelinga og andre avdelingar i SSB. Du vil samarbeide med to andre designarar i SSB, kollegaer i avdelinga, ssb.no sitt tverrfaglege utviklingsteam og statistikkavdelingane.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å identifisere og utvikle visuelle formidlingsløysingar innan statistikkformidling.
  • Lage infografikk og visualisering av data til sosiale medium og web.
  • Vere rådgivar innan webdesign på ssb.no.
  • Vidareutvikling og forvalting av den visuelle profilen til SSB og designsystemet til SSB, som er under utvikling.
  • Samarbeide i tverrgåande produktteam i utvikling av ssb.no på ei ny publiseringsplattform.
  • Etablere og promotere retningslinjer for design, beste praksis innan faget og standardar.
  • Ivaretaking av dei lovpålagde krava for universell utforming.
  • Produksjon av grafisk materiale.

Arbeidsoppgåvene vil kunne tilpassast erfaringa di og kompetansen din.

Kvalifikasjoner

  • Du har relevant utdanning innan UI-design/grafisk design/visuell kommunikasjon frå universitet eller høgskule.
  • Du har nokre års erfaring med design og brukaroppleving på digitale flater.
  • Du er god i norsk munnleg og skriftleg .
  • Du beherskar Adobe-programma, Sketch og/eller tilsvarande verktøy.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring med brukarinvolvering og brukartesting.
  • Det er ein fordel om du beherskar enkel animasjon.
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring med universell utforming.
  • Det er ønskjeleg at du har relevant erfaring innan merkevare/identitet.

Personlige egenskaper

  • Du er strukturert og analytisk.
  • Du er kreativ og nytenkjande.
  • Du har god samfunnsforståing.
  • Du held deg fagleg oppdatert.
  • Du er god til å kommunisere og samarbeide med kollegaer med ulik fagbakgrunn.

Vi legg vekt på at personen som blir tilsett er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling og deltaking i spennande prosjekt der du vil spele ei sentral rolle.
  • Stor grad av sjølvstende og varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Løn som rådgiver/seniorrådgiver i lønnsspenn frå kr. 488 000 til kr. 583 900 (ltr. 55-65), etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for særskild kvalifiserte søkjarar.
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Generelle opplysingar

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønskte reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV må vere innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Webcruiter-ID: 4134344531

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Kathrine Remers Hanssen (Seksjonssjef), 92648097
  • Ragnhild Rein Bore (Seksjonssjef), 91793186
Powered by Labrador CMS