Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Informasjonsmedarbeidar på SV-info (20% fast stilling)
Søknadsfrist: 07.11.2024
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.
Fakultetsadministrasjonen er delt i fire seksjonar; Seksjon for studie, Seksjon for økonomi, Seksjon for HR og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 65 tilsette.
Om stillinga
Vi søkjer etter en dyktig og omgjengeleg medarbeidar til SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, til fast 20 % stilling som konsulent (stillingskode SKO1065).
SV-info har som hovudoppgåve å gje studieinformasjon og yte tenester til studentar og søkjarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.
SV-info handsamar førespurnadar via skranke, e-post, telefon og chat, og har fire fulltidstilsette og seks deltidstilsette. Vi held til i første etasje i Eilert Sundts hus, Blindern. Opningstid er måndag til fredag kl. 09 -15.00.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere å svare på studentførespurnadar i tillegg til diverse påkomande arbeid.
Primær arbeidstid er ein dag i veka (20%), i tillegg vil det vere tilbod om ekstravakter ved behov. I hektiske periodar, som ved semesterstart i august, må du kunne arbeide 3-5 dagar i veka. Vi forventar òg ekstra innsats i januar, juni og desember samt ved ferieavvikling i juli.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som:
- har 1-2- års utdanning innan samfunnsvitskapelege fag frå universitet/høgskule
- er student ved UiO og har minimum eitt år igjen av studiane
- kommuniserer godt både på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
I tilegg bør du:
- ha gode samarbeidsevner
- være tålmodig og serviceinnstilt, og glad i å jobbe med menneske
- være fleksibel med tanke på ekstrajobbing
- evne å vere effektiv og samstundes levere arbeid av høg kvalitet
- være dyktig på å formidle komplekse bodskap på ein forståeleg måte
- trivses i eit ungt og hektisk miljø
Som tilsett ved SV-info vil du arbeide i ope landskap i eit team samansett av dyktige tilsette som speler kvarandre gode. Vi samarbeider også mykje med kollegaer ved andre einingar. Det er viktig at du sjølv ønskjer å bidra og arbeide i eit slikt miljø. Vi legg stor vekt på at personen vi tilset passar i stillinga.
Vi tilbyr
- Eit hyggeleg og innovativt arbeidsmiljø
- Stillingskode 1065 Konsulent med løn frå kr 428 100 - 460 600 per år, avhengig av kompetanse, utdanning og ansiennitet
- Gode velferdsordningar
- God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Søknadsfrist er 07.11.2024.
Vi ønsker tiltreding i midten av desember.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
For spørsmål om stillingen og søknadsprosessen:
For spørsmål om søknad og elektronisk søknadsportal: Gemma Knutsmoen, g.m.knutsmoen@sv.uio.no
Søk på stillingen