LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsleiar - Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling

Søknadsfrist: 18.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 135 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Avdelingsleiar

Vil du vere med å leie og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), eit av dei mest spennande forskingsmiljøa i landet? Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig stilling som leiar (avdelingsleiar) av Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling, med tiltreding seinast 01.01.2022.

Vi søkjer etter ein leiar som har høge ambisjonar på vegne av Universitetsmuseet i Bergen, har vilje og evne til å reflektere over den rolla eit universitetsmuseum skal ha i dag og er interessert i å utforske nye arbeids- og samarbeidsformer for å styrke Universitetsmuseet. Vi søkjer etter ein leiar med gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og etablere gode relasjonar til dei tilsette.

Universitetsmuseet si oppgåve er å drive forsking, forvalting og formidling på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Ei rekkje av museet sine aktivitetar er monaleg endra dei siste åra, med satsing på nye formidlingsarenaer og nye formidlingsformer. Universitetsmuseet i Bergen skal formidle forskingsresultata, men òg korleis kunnskap vert produsert, og forskinga si rolle for å ruste samfunnet til å møte dei utfordringane vi står overfor. Vi skal formidle om vår eiga forsking og aktivitet, og dessutan samarbeide med ulike forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen for å utvikle museet til ein sentral arena for forskingskommunikasjon for heile universitetet.

Universitetsmuseet i Bergen har fire avdelingar: Avdeling for høvesvis kulturhistorie, naturhistorie, samlingsforvalting og konservering, og forskingskommunikasjon og -formidling. I tillegg har UM ein administrasjon, leia av underdirektør, som gjev dei fire avdelingane den administrative og økonomiske støtta dei treng.

Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling

Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling er ei nyetablert avdeling som skal formidle Universitetsmuseet si forsking og samlingar, og samarbeide med fakulteta om å formidle forsking på alle UiB sine fagområde. Avdelinga sine utstillingar, arrangement, undervisningstilbod og andre aktivitetar skal bidra til å gje innsikt i Universitetsmuseet si verksemd innan forsking og forvaltning, og i UiB si rolle som ein av samfunnet sine viktigaste kunnskapsprodusentar. Avdelinga sine leveransar skal vere prosjektbaserte og med fokus på kunnskapsbasert utvikling av ulike formidlingsmetodar og verkemiddel.

Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling har om lag 60 tilsette i ulike stillingsbrøkar og er organisert i tre faggrupper: Koordinering og kommunikasjon, Undervisning og arrangement og Innhalds- og utstillingsproduksjon. Avdelinga sitt ansvar omfattar forskingskommunikasjon i ulike format, utstillingar, førstelineteneste mot publikum, undervisningsteneste, butikkdrift, ekstern kommunikasjon og publikumsportal, samt ulike arrangement.

Arbeidsoppgåver:

Avdelingsleiaren har det overordna personalansvaret for dei tilsette i avdelinga, irekna ansvar for helse, miljø og tryggleik (HMS). Det er leiaren si oppgåve å leie og utvikle avdelinga og for at ressursane i avdelinga vert brukte effektivt og formålstenleg. Avdelingsleiaren er prosjekteigar og har resultatansvar for avdelinga si totale verksemd. Avdelingsleiar rapporterer til direktøren i faglege saker og til underdirektør i økonomiske saker. Som del av leiargruppa skal avdelingsleiarane bidra til strategisk utvikling av museet, styrke det tverrfaglege samarbeidet og forsterke museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt universitetsmuseum.

Avdelingsleiaren har òg ansvar for:

  • å leie den strategiske utviklinga av Avdeling for forskingskommunikasjon og formidling
  • leie og utvikle avdelinga og ha resultatansvar for avdelinga si samla verksemd, inkludert økonomi og overordna personalansvar, og arbeide for å oppnå eit høgt tempo med leveransar til avtalt tid og av høg kvalitet frå faggruppene, samt fremje eit godt samarbeid på tvers i avdelinga
  • bidra til drøftingane i museet sine strategiske fora og i museet si leiargruppe
  • vere ein god samarbeidspartnar for Universitetsmuseet sine avdelingar for naturhistorie, kulturhistorie og samlingsforvaltning, og bidra til formidling av forskinga ved Universitetsmuseet og av museet sine samlingar
  • setje i gong formidlingsprosjekt, samt gje museet ein tydeleg retning og visjon for sitt formidlingsoppdrag ved å utforske nye arbeids- og samarbeidsformer
  • å arbeide for framtidsretta forskingskommunikasjon og nye formidlingsformer
  • styrke samarbeidet med UiB sine forskingsmiljø ved å vidareutvikle Universitetsmuseet si rolle som ein sentral arena for forskingskommunikasjon ved UiB
  • ha ansvar for god dialog med samarbeidspartnarar ved UiB som til dømes Eigedomsavdelinga, IT-avdelinga, Kommunikasjonsavdelinga og Arrangementskontoret, samt med eksterne samarbeidspartnarar
  • kunne ta sakshandsamings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver innanfor stillinga sine arbeids- og ansvarsområde, og ha ansvar for utvikling, implementering og oppfølging av sentrale prosedyrar og rutinar
  • gjere avdelinga i stand til å yte viktige bidrag til ekstern søknadsaktivitet ved museet, og inngå som mogleg samarbeidspartnar ved eksterne søknader frå fakulteta ved UiB

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • relevant høgare utdanning på minimum mastergradnivå
  • evne til strategisk utviklingsarbeid i kunnskapsorganisasjonar
  • relevant erfaring frå utstillingsproduksjon, arrangementsverksemd, utvikling av pedagogiske tilbod og forskingskommunikasjon i ulike formerDet kreves gode språkkunnskaper.
  • dokumentert erfaring og resultat frå leiing, prosjektverksemd og administrasjon
  • erfaring med økonomi- og personalleiing
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • god relasjonelle eigenskapar og samarbeidsevne
  • erfaring frå internasjonalt museumsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • kapasitet til å følge opp og koordinere mange og varierte arbeidsoppgåver
  • leiareigenskapar, energi, gjennomføringsevne og evne til sjølvstendig, innovativt og resultatorientert arbeid
  • evne til å leie, inkludere, skape tillit og bygge nettverk og relasjonar
  • handlekraftig, fleksibel og tydeleg

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et inspirerande fagmiljø
  • stilling som avdelingsleiar (kode 1407) i lønnstrinn 77-86 (p.t. kr 744 600 – 967 000) i det statlege lønnsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør, Henrik von Achen, telefon: 55583120/ mobil: 92445843 e-post henrik.achen@um.uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS