Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (kommunikasjon, vikariat) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 02.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig eit 80 % vikariat som seniorkonsulent (kommunikasjon). Stillinga er ledig frå snarast og inntil hovudstillingsinnehavar er tilbake. Stillingsprosenten vil kunne variere.

Personen som tilsettast vil ha arbeidsplass i Jekteviksbakken 31, ved Bergen Global.

Bergen Global er ein del av UiBs satsingsfelt Global samfunnsutfordringar, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Chr. Michelsens institutt. Bergen Global er hovudarena for formidling av utviklingsrelatert og global forsking i Bergen. Arbeidet på Bergen Global koordinerast av Chr. Michelsens institutt.

Formidling føregår gjennom ulike debattar, seminar, forelesingar, konferansar, boklanseringar ol.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre ulike typar arrangement
  • Bygge nettverk og halde kontakt med interne og eksterne bidragsytarar
  • Vidareutvikle digitale plattformar for forskingsformidling (skrift, lyd og bilete)
  • Promotere arrangement til ulike målgrupper, ml.a. ved bruk av sosiale media
  • Produsere skriftleg profilerings- og distribusjonsmateriale
  • Yte støtte til andre arrangementer ved UiB og CMI
  • Vere med å rettleie og støtte praksiskandidatar ved Bergen Global

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Du må vere utadvendt, kreativ og sjølvstendig, med god stå-på-vilje og serviceinnstilling.
  • Du må vere ein engasjert og ambisiøs medarbeidar med interesse for internasjonale spørsmål og forskingsformidling.

Vi søkjer ein person som

  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har erfaring med organisering av arrangement
  • er aktiv brukar av sosiale media
  • har svært gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • det er ein føremon med erfaring innan streaming/videojournalistikk

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 (for tida kr 488 000-542 400 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kommunikasjonsrådgjever Tord Rø på tlf 55589326 eller på e-post: tord.ro@uib.no

For generelle spørsmål, kontakt administrativ koordinator Ingvild Hope til 55588552 eller på e-post: ingvild.hope@uib.no

Sjå også våre nettsider: https://www.bergenglobal.no/

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS