LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (administrasjon og kommunikasjon) - IGS

Søknadsfrist: 10.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (administrasjon og kommunikasjon)

Ved Det medisinske fakultet, institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing frå 1. januar 2022. Vi søkjer ein initiativrik kommunikasjonskonsulent som også ønskjer å arbeide med varierte administrative oppgåver knytt til prosjekt.

Arbeidet vil i hovudsak omfatte planlegging, koordinering og gjennomføring av ulike kommunikasjonsoppgåver ved instituttet.

20% av stillinga skal gå til oppfølging av EQUIFINANCE, eit femårig prosjekt i BCEPS som er finansiert av Norges Forskningsråd. EQUIFINANCE ligg under Global helse som samarbeider med låginntektsland.

Arbeidsoppgåver:

  • kommunikasjonsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
  • vere instituttet sin webredaktør
  • planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak via instituttet sine ulike informasjonskanalar: nettsider (utarbeiding og redigering), årsrapportar, infoskjermar, nyhendebrev, arrangement, SOME og profileringsmateriell
  • rapportering i Cristin
  • støtte fagområda ved IGS med formidling av forskingsresultat og formidling i samband med planlegging og avvikling av arrangement
  • prosjektoppfølging av EQUIFINANCE som vil omfatte kommunikasjonsoppgåver, administrativ oppfølging opp mot Norges Forskningsråd og to partnarar i India (Society for Applied Studies (SAS) og Translational Health Science and Technology Institute (THSTI)), samt organisering av møter og andre administrative oppgåver
  • presentere EQUIFINANCE på engelsk i ulike internasjonale samanhengar og fora

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Søkjar må ha:
  • - erfaring frå varierte kommunikasjonsoppgåver inkludert arbeid med nettsider og SOME
  • - erfaring med generelle administrative oppgåver
  • - interesse for og god evne til arbeid med tekst, både på norsk og engelsk, noko som føreset gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • - evne til å ha ansvar for digitale møter og arrangement
  • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med utarbeiding av kommunikasjonsplanar og - strategiar

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evnar å tileigne seg nye ferdigheiter
  • er sjølvstendig, initiativrik og fleksibel, og som trivst med varierte administrative oppgåver, i tillegg til kommunikasjonsoppgåver
  • har eit godt overblikk og evne til å prioritere

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500- 553 500. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Ingvild Strømsnes Maden, e-post: Ingvild.Maden@uib.no, tlf. +47 55 58 63 42

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS