LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsmedarbeidar ved Det medisinske fakultet (seniorkonsulent, vikariat)

Søknadsfrist: 09.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelingar. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsmedarbeidar ved Det medisinske fakultet (seniorkonsulent, vikariat)

Vil du vere med og formidle medisinsk forsking og banebrytande nyheiter? Vi er på jakt etter ein idérik og engasjert kommunikasjonsmedarbeidar som kan hjelpe oss med å synleggjere det som skjer ved Det medisinske fakultet ved UiB.Vi ønskjer ein dyktig kommunikasjonsmedarbeidar som kan jobbe godt både sjølvstendig og i team med formidling og å skape merksemd rundt Det medisinske fakultet si forsking og utdanning. Stillinga er eit vikariat i 100% i eitt år (stillingskode 1363 seniorkonsulent).Kommunikasjonsmedarbeidaren vil vere tilsett ved den sentrale Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, men har eit særskilt ansvar for Det medisinske fakultet. Kommunikasjonsavdelinga har rundt 25 tilsette, der delar av staben har sin daglege arbeidsplass på dei ulike fakulteta.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsarbeid og forskingsformidling i tett kontakt med dei vitskaplege miljøa ved fakultetet. Oppgåvene krev ein initiativrik person som både kan produsere nyheitssaker til UiB sine eigne kanalar og bidra til at fakultetet blir synleg i eksterne media.Vi søker etter ein person som har teft for dei gode sakene, og som er dyktig og nytenkjande når det gjeld sosiale media. Personen vil jobbe mykje med utoverretta kommunikasjon og det nyoppretta Pandemisenteret ved UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og/eller etter- og vidareutdanning
  • Har interesse for og erfaring med kommunikasjonsarbeid, både i form av tekst, bilde og video
  • Har erfaring med sosiale media og god kompetanse i bruk av nettbaserte publiseringsløysingar
  • Er flink til å skrive og meistrar både bokmål, nynorsk og engelsk
  • Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid
  • Har evne til og interesse for å sette deg inn i fagfeltet ved fakultetet

Vi kan tilby:

  • Faglege utfordringar og tilhøyrsel i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit godt, dynamisk og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i en inkluderende arbeidslivsbedrift (IA)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønnssteg 56 - 60 (for tida kr. 498 800 – 535 200) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast.
  • Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senior kommunikasjonsrådgjevar ved Det medisinske fakultet, Marion Solheim, Marion.Solheim@uib.no, tlf. 991 52 821 eller
  • Kommunikasjonsrådgjevar ved Kommunikasjonsavdelinga, Ida Bergstrøm, Ida.Bergstrom@uib.no, tlf. 958 01 423

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS