Forskar 1109 i seismologi (Solid Earth Seismology)
Deadline: 02.08.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Forskar
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan seismologi (Solid Earth Seismology). Stillinga er for ein periode på 18 månader og er knytt til eit UKRI–Noreg-prosjekt finansiert av UK Research and Innovation (UKRI), med deltaking frå Universitetet i Cambridge og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet har tittelen «Seismic and thermal structure, deformation and evolution of the Adriatic and southeastern Europe’s lithosphere and underlying mantle». Det har som mål å undersøkje strukturen og dynamikken i litosfæren og den underliggjande mantelen i det sentrale og austlege Middelhavet, ein av dei mest tektonisk aktive regionane i Europa. Prosjektet vil bruke det unike datasettet frå AdriaArray-eksperimentet, som omfattar meir enn 1000 seismiske stasjonar, alle med breidband-instrument. Prosjektet kombinerer avanserte seismiske avbildingsteknikkar, inkludert tomografi, mottakarfunksjonar (receiver functions) og termodynamisk inversjon, for å utvikle høgoppløyste modellar av litosfærestruktur, temperaturvariasjonar og sentrale grenseflater som til dømes litosfære–astenosfære-grensa. Målet er å få ei betre forståing av prosessane som styrer subduksjon, kollisjon og ekstensjon, og å vurdere korleis strukturen i djupet av jorda påverkar seismisitet, vulkanisme og fordelinga av naturressursar, inkludert geotermisk energi og mineralførekomstar.
I prosjektet vil UiB-gruppa ha ansvar for å berekne teleseismiske P- og S-mottakarfunksjonar for stasjonane i AdriaArray og nærliggande område. Desse skal integrerast kvantitativt i dei tomografiske inversjonane, og støtte tolkinga av dei resulterande modellane. Den utvalde kandidaten vil arbeide mot følgjande mål:
Velje ut og laste ned seismiske data frå stasjonar i AdriaArray og nærliggjande område.
Gjennomføre grundig kvalitetskontroll av dei nedlasta dataa.
Tilpasse eksisterande programkode for å berekne P- og S-mottakarfunksjonar med høg kvalitet for heile studieområdet.
Samle mottakarfunksjonar til enkeltstasjonsstakkar og tredimensjonale volum av common conversion points.
Bidra til integreringa av mottakarfunksjonane (og tilhøyrande produkt) i dei tomografiske inversjonane og til tolkinga av dei resulterande modellane.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor geofysikk med spesialisering i seismologi anvendt på prosesser i den faste jord (Solid Earth Seismology), eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med programmering og handtering av seismiske data er eit krav.
Erfaring med signalprosessering av seismiske data er eit krav.
Erfaring med prosessering av teleseismiske mottakarfunksjonar og/eller tilsvarande metodar som inneber interaksjon mellom teleseismiske bølgjer og elastiske grenseflater, er eit krav (dokumentert gjennom publikasjonsliste).
Erfaring med tolking av seismologiske resultat basert på petrologiske avgrensingar og/eller geodynamiske prosessar er ein fordel (dokumentert gjennom publikasjonsliste).
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 685 900,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
ein forskingsplan på 1–2 sider som skisserer ein tydeleg strategi for korleis forskingsmåla i prosjektet kan oppnåast.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
relevante attestar.
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer, der artiklar må vere tydeleg skilde frå konferanseabstrakt, avhandlingar og rapportar).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Stéphane Rondenay, Institutt for geovitenskap, e-post: rondenay@uib.no, tlf: +47 55583423.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Rådgiver Mathilde Høgalmen, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, e-post: Mathilde.Hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.