LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Institutt for biovitskap - åremålsstilling

Søknadsfrist: 15.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Institutt for biovitskap - åremålsstilling

Ved Institutt for biovitskap er det frå 1. september 2024 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.

Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten ved instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.

Om instituttet

Institutt for biovitskap (BIO) er eit av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og tar ei særskilt rolle for grunnforsking, utdanning og innovasjonar knytt til hav, klima, energi, IKT og berekraftspørsmål.

Institutt for biovitskap si forskings- og utdanningsaktivitet bidreg til fakultetet og UiB sine strategiske målsettingar.

BIO er eit mangfaldig, komplekst og breitt institutt som er høgst involvert i emne som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking.

Gjennom samlokalisering og samarbeid med forskingsgrupper, er forskinga ved BIO tett knytt til biologisk forsking ved Universitetsmuseet i BergenNorwegian Research Centre AS (NORCE), og Havforskingsinstituttet (HI). BIO er lokalisert i moderne fasilitetar ved Marineholmen, nær by-sentrum i Bergen.

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner, frå molekylærbiologi til marin økologi, miljø og ressursar. Utdanninga blir gitt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige master program (Fiskehelse, og Havbruk) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. BIO har eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring, og har nyleg blitt med i eit interdisiplinært masterprogram-initiativ i berekraft ved UiB. For å ruste våre studentar til eit arbeidsliv i stadig forandring er utdanninga både teoretisk og praktisk retta. 

Instituttet er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen og har for tida 56 fast vitskapelege stillingar og totalt vel 300 tilsette. Institutt for biovitskap disponerer om lag 140 millionar kronar over universitetet sitt grunnbudsjett i 2023, i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 130 millionar kronar.

Nærare opplysningar om Institutt for biovitskap finn du på instituttet si heimeside.

Om stillinga

Instituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla biovitskapleg forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere faga ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved instituttet.

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon, samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan og inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
  • bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling.
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering.
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
  • sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturen.
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog.
  • sørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
  • sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling.
  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
  • har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra.
  • har evne til å tilpasse seg i både ein sektor og eit samfunn som er i stadig endring.
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet.
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
  • god organisasjonsforståing og evne til å tenkje heilskapleg og strategisk.
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit. internt og eksternt.
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk.

Vi tilbyr:

  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar).
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar.

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no, eller 
  • Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no

Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS