Instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Søknadsfrist: 11.12.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Vil du vere med å utvikle eit internasjonalt, dynamisk og spennande forskings- og undervisingsmiljø?
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) med tilsetjing frå 01.08.2025. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar med tilsetjingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Stillinga som instituttleiar ved AHKR er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vera med på å forme eit institutt der tilsette kan trivast og yte sitt beste. Som leiar for den faglege og administrative staben har instituttleiaren høve til å påverke og forme instituttet som arbeidsplass, fageining og samfunnsaktør. Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. I stillinga vil du få godt høve til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du vil ta del i den faglege og organisatoriske verksemda på både fakultets- og universitetsnivå, og du får dermed stor innverknad på utviklinga av humaniora som fagfelt.
AHKR har om lag 45 faste, vitskapelege tilsette, om lag 35 rekrutteringsstillingar og 12 tilsette i administrative stillingar. Instituttet samlar fire tradisjonsrike og nærståande fag og har som mål å ivareta og utvikle faga sin eigenart slik at dei kan danne basis for nyskapande og fleirfagleg forskings- og undervisningssamarbeid. AHKR har eit breitt undervisningstilbod i alle fire fag frå bachelor- til ph.d.-nivå og elleve tverrfaglege forskargrupper. Instituttet har også ein omfattande portefølje av eksternfinansierte prosjekt, mellom anna eit senter for framifrå forsking. Meir om instituttet finn du her.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak for dei sakene som skal avgjerast i instituttrådet.
Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling og administrasjon ved instituttet. Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Instituttleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.
Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å motivere tilsette til å skaffe ekstern forskingsfinansiering og oppmuntre til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.
Vi søkjer ein instituttleiar som:
Bør ha professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nærståande fagfelt
Har god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet
Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved universitetet er norsk.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og den som vert tilsett må ha solide evner til å kommunisere, samarbeide, motivere og utøve leiarskap i den videre utviklinga av instituttet.
I tillegg blir det lagt vekt på:
Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gjevne ressursrammer
Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål
Evne til og erfaring med personalleiing og økonomistyring
Evne til å motivere og leggje til rette for samarbeid og gode relasjonar til dei tilsette
Vi tilbyr:
Interessante og utviklande leiaroppgåver
Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn i stillingskode 1475 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 1 078 600 - kr 1 149 700, avhengig av kompetanse og erfaring
For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse
God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Mogeleg fast stilling etter utløp av to heile åremålsperiodar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Dekan Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller epost camilla.brautaset@uib.no eller til
Fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller epost kim.hommen@uib.no.
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre, og den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar og søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via funksjonen ”Søk stillinga” på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.