LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar (avdelingsleiar) for Avdeling for kulturhistorie

Søknadsfrist: 01.08.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 153 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Instituttleiar (avdelingsleiar) for Avdeling for kulturhistorieVil du vere med å leie og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), ein av dei mest spennande kunnskapsinstitusjonane i landet? Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig åremålsstilling som instituttleiar (avdelingsleiar) ved Avdeling for kulturhistorie med tiltreding seinast 01.12.2025.Vi søkjer etter ein leiar som har høge ambisjonar på vegne av Universitetsmuseet i Bergen, har vilje og evne til å reflektere over den rolla eit universitetsmuseum skal ha i dag og er interessert i å utforske nye arbeids- og samarbeidsformer for å styrke Universitetsmuseet. Vi søkjer etter ein leiar med gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og etablere gode relasjonar til dei tilsette.Universitetsmuseet i Bergen skal medverke til synleggjering av Universitetet i Bergen som forskingsuniversitet nasjonalt og internasjonalt. Vår oppgåve er å drive innsamling, samlingsforvalting, grunnforsking og publisering på høgt internasjonalt nivå, i breidda av museet sine fagdisiplinar. Leiarane ved museet skal dyrke fram kritisk tenking og tverrvitskaplege perspektiv gjennom bygging av kreative forskingsmiljø innanfor og på tvers av avdelingane, og godt fungerande nasjonale og internasjonale nettverk. Vi skal formidle eigen forsking og aktivitet, og dessutan samarbeide med UiB sine ulike forskingsmiljø for å utvikle museet til ein sentral arena for forskingskommunikasjon for heile universitetet.Universitetsmuseet i Bergen har fire avdelingar: Avdeling for kulturhistorie, naturhistorie, samlingsforvalting, og forskingskommunikasjon og -formidling. I tillegg har UM ein administrasjon, leia av underdirektør, som gjev dei fire avdelingane administrativ støtte.

Avdeling for kulturhistorie

Avdeling for kulturhistorie har to seksjonar: Seksjon for forsking og Seksjon for fornminne (der sistnemnde har tilsett leiar). Instituttleiaren skal bidra til å sikre god samhandling innanfor avdelinga sine seksjonar samt mot dei andre avdelingane. Avdeling for kulturhistorie har om lag 35 tilsette, inkludert syv professorar, to førsteamanuensar og fire forskarar. Det er i dag tre ph.d.-kandidatar ved avdelinga. Avdelinga omfattar fagområda antropologi, arkeologi, samt kunst- og kulturhistorie, og har breitt internasjonalt forskingssamarbeid. Avdelinga har ansvar for arkeologiske undersøkingar knytt til den lovpålagte kulturminneforvaltninga for Vestland og Sunnmøre, og har eit nært samarbeid med forvaltingsinstitusjonar som Riksantikvaren, Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar, og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).

Arbeidsoppgåver:

Instituttleiaren har det overordna personalansvaret for tilsette i avdelinga, irekna ansvar for helse, miljø og sikkerheit (HMS). Det er leiaren si oppgåve å leie og utvikle avdelinga, og for at ressursane i avdelinga vert brukte effektivt og formålstenleg. Instituttleiaren har ògresultatansvar for avdelinga si totale verksemd. Seksjonsleiar for fornminneseksjonen rapporterer til avdelingsleiar. Avdelingsleiar rapporterer til direktøren i faglege saker og til underdirektør i økonomiske saker. Som del av leiargruppa ved Universitetsmuseet skal instituttleiaren bidra til strategisk utvikling av museet, styrke det tverrfaglege samarbeidet og forsterke museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og anerkjent universitetsmuseum.

Avdelingsleiaren har òg ansvar for:

  • Å leie den strategiske utviklinga av Avdeling for kulturhistorie
  • Bidra til drøftingane i museet si leiargruppe
  • Organisere og koordinere pliktarbeidet til dei vitskapeleg tilsette
  • Å sikre at avdelinga sin vitskaplege produksjon og forskingsaktivitet ligg på eit høgt internasjonalt nivå
  • Å leggje til rette for gode forskingsmiljø, og inspirere og motivere tilsette til fagleg utvikling
  • Bidra til godt samarbeid mellom museet sine avdelingar og til at ein ved museet utviklar fagleg samarbeid mellom kultur- og naturvitskapelege disiplinar
  • Bidra til god samlingsforvalting i kulturhistorie
  • At det over tid vert etablert ei portefølje av nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt
  • Sikre at avdelinga både set i verk og tek aktivt del i museet sine formidlingsprosjekt
  • Kunne ta sakshandsamings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver innanfor stillinga sine arbeids- og ansvarsområde, og ha ansvar for utvikling, implementering og oppfølging av sentrale prosedyrar og rutinar
  • i dialog med aktuelle institutt å vurdere korleis og i kva for eit omfang avdelinga sine tilsette kan bidra i undervising

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Førstestillingskompetanse innanfor eit av avdelinga sine fagområde
  • Gode resultat frå forskingsleiing
  • Erfaring med økonomi- og personalleiing
  • Kjennskap til avdelinga sine seksjonar og relevante forvaltingsinstitusjonar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå tverrvitskapeleg forsking
  • Erfaring frå museumsarbeid
  • Evne til strategisk utviklingsarbeid i kunnskapsorganisasjonar

Personlege eigenskapar:

  • Kapasitet til å følgje opp og koordinere mange og varierte arbeidsoppgåver
  • Evne til å leie, inkludere, skape tillit og byggje nettverk og relasjonar
  • Handlekraftig, fleksibel og tydeleg

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som instituttleiar (kode 1475) i årsløn kr. 1 134 700. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Stillinga er ei åremålsstilling for fire år. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Vedkomande som vert tilsett vil få tilbod om kompetanseutvikling innanfor leiing.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målretta for auka likestilling og legg vekt på kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS