LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar (avdelingsleiar) for Avdeling for kulturhistorie

Søknadsfrist: 21.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 135 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Instituttleiar (avdelingsleiar) ved Avdeling for kulturhistorie

Vil du vere med å leie og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), eit av dei mest spennande forskingsmiljøa i landet? Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig åremålsstilling som instituttleiar (avdelingsleiar) ved Avdeling for kulturhistorie med tiltreding seinast 01.01.2022.

Vi søkjer etter ein leiar som har høge ambisjonar på vegne av Universitetsmuseet i Bergen, har vilje og evne til å reflektere over den rolla eit universitetsmuseum skal ha i dag og er interessert i å utforske nye arbeids- og samarbeidsformer for å styrke Universitetsmuseet. Vi søkjer etter ein leiar med gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og etablere gode relasjonar til dei tilsette.

Universitetsmuseet i Bergen skal medverke til synleggjering av Universitetet i Bergen som forskingsuniversitet nasjonalt og internasjonalt. Vår oppgåve er å drive innsamling, samlingsforvalting, grunnforsking og publisering på høgt internasjonalt nivå, i breidda av museet sine fagdisiplinar. Leiarane ved museet skal dyrke fram kritisk tenking og tverrvitskaplege perspektiv gjennom bygging av kreative forskingsmiljø innanfor og på tvers av avdelingane, og godt fungerande nasjonale og internasjonale nettverk. Vi skal formidle eigen forsking og aktivitet, og dessutan samarbeide med UiB sine ulike forskingsmiljø for å utvikle museet til ein sentral arena for forskingskommunikasjon for heile universitetet.

Universitetsmuseet i Bergen har fire avdelingar: Avdeling for høvesvis kulturhistorie, naturhistorie, samlingsforvalting og konservering, og forskingskommunikasjon og -formidling. I tillegg har UM ein administrasjon, leia av underdirektør, som gjev dei fire avdelingane den administrative og økonomiske støtta dei treng.

Avdeling for kulturhistorie

Avdeling for kulturhistorie har to seksjonar: Forskingsseksjonen og Fornminneseksjonen (der sistnemnte har tilsett leiar). Avdelingsleiaren skal bidra til å sikre god samhandling innanfor avdelinga sine seksjonar, samt mot dei andre avdelingane. Avdeling for kulturhistorie har om lag 30 tilsette. Av desse er det elleve faste vitskaplege stillingar, inkludert fem professorar, to førsteamanuensar og fire forskarar. Det er i dag fem PhD-kandidatar ved avdelinga. Avdelinga omfattar fagdisiplinane antropologi, arkeologi, samt kunst- og kulturhistorie, og avdelinga har eit breitt internasjonalt forskingssamarbeid og eit nært samarbeid med Riksantikvaren og Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Arbeidsoppgåver:

Avdelingsleiaren har det overordna personalansvaret for tilsette i avdelinga, irekna ansvar for helse, miljø og tryggleik (HMS). Det er leiaren si oppgåve å leie og utvikla avdelinga, og for at ressursane i avdelinga vert brukte effektivt og formålstenleg. Avdelingsleiaren har òg resultatansvar for avdelinga si totale verksemd.

Seksjonsleiarane rapporterer til avdelingsleiar. Avdelingsleiar rapporterer til direktøren i faglege saker og til underdirektør i økonomiske saker. Som del av leiargruppa skal avdelingsleiarane bidra til strategisk utvikling av museet, styrke det tverrfaglege samarbeidet og forsterke museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt universitetsmuseum.

Avdelingsleiaren har òg ansvar for:

  • å leie den strategiske utviklinga av Avdeling for kulturhistorie
  • bidra til drøftingane i museet sine strategiske fora og i museet si leiargruppe
  • organisere og koordinere pliktarbeidet til dei vitskapeleg tilsette
  • å sikre at avdelinga sin vitskaplege produksjon og forskingsaktivitet ligg på eit høgt internasjonalt nivå
  • å leggje til rette for gode forskingsmiljø, og inspirere og motivere tilsette til fagleg utvikling
  • bidra til godt samarbeid mellom museet sine avdelingar og til at ein ved museet utviklar fagleg samarbeid mellom kultur- og naturvitskapelege disiplinar
  • at det over tid vert etablert ei portefølje av nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt
  • sikre at avdelinga både set i verk og tek aktivt del i museet sine formidlingsprosjekt
  • kunne ta sakshandsamings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver innanfor stillinga sine arbeids- og ansvarsområde, og ha ansvar for utvikling, implementering og oppfølging av sentrale prosedyrar og rutinar
  • i dialog med aktuelle institutt, å vurdere korleis og i kva for eit omfang avdelinga sine tilsette kan bidra i undervising, samt å ha overordna ansvar for koordinering av avdelinga sine kurs- og undervisningsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • førstestillingskompetanse innanfor eit av avdelinga sine fagområde
  • gode resultat frå forskingsleiing
  • erfaring med økonomi- og personalleiing
  • kjennskap til avdelinga sine seksjonar og relevante forvaltingsinstitusjonar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå tverrvitskapeleg forsking
  • erfaring frå museumsarbeid
  • evne til strategisk utviklingsarbeid i kunnskapsorganisasjonar

Personlege eigenskapar:

  • kapasitet til å følgje opp og koordinere mange og varierte arbeidsoppgåver
  • evne til å leie, inkludere, skape tillit og byggje nettverk og relasjonar
  • handlekraftig, fleksibel og tydeleg

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som instituttleiar (kode 1475) i lønssteg 86 (p.t. kr. 967 000) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør Henrik von Achen, telefon 55583120, mob. 92445843, e-post henrik.achen@um.uib.no

Stillinga er ei åremålsstilling for fire år. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn tre åremålsperiodar. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Vedkomande som vert tilsett vil få tilbod om kompetanseutvikling innanfor leiing.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS