LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Skyarkitekt - IT-avdelinga

Søknadsfrist: 27.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Skyarkitekt

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.

Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga vil ha en produktbasert tilnærming til våre leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik skyarkitekt til vår nyoppretta gruppe som skal bygge opp UiB si satsing innan arkitektur og sky. Stillinga er lagt til Seksjon for Strategi og virksomhetsstøtte ved IT-avdelinga. Ein av dei første oppgåvene blir å sette ei retning for arbeidet med sky ved Universitetet, med mål om å oppnå ei strategisk bruk av skytenester som understøtter UiB si kjerneverksemd. UiB har allereie etablert avtaler med AWS og Azure. I tillegg er UiB sjølv en leverandør av skytenester gjennom NREC. Vi arbeider tett med andre einingar for å løyse utfordringar og vidareutvikle organisasjonen, og ser no etter ein erfaren og dyktig medarbeidar som kan vere med på å ytterlegare styrke vårt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide strategi for anvendelse av sky ved UiB og bistå i vurdering, koordinering og utvelgelse av skytenester
  • Være fagekspert på skyteknologier og gi arkitekturveiledning, oversikt og kriterier for utvelgelse av skytenester
  • Identifisere svakheter og forbedringsmuligheter ved hjelp av skyløsninger og muligheter for integrering av skyløsninger med eksisterende verktøy og systemer
  • Koordinere bruk og sikkerhet på tvers av skytenestene
  • Ansvar for kostnadskontroll på skytenester
  • Innføre og vedlikeholde prosedyrer, rutiner (tilgangskontroll, m.m.) og teknisk dokumentasjon for skyløsningene
  • Samarbeide om skytenester med øvrige institusjoner innen universitets- og høyskolesektoren
  • Bidra til UiBs generelle arkitekturarbeid
  • Bidra i videresalg av skytenester

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring innen fleire av fagfeltane: - Bruk av tenester frå public cloud (fortrinnsvis AWS og/eller Azure) - IT-sikkerheitsarbeid (fortrinnsvis i relasjon til bruk av sky) - REST-API og webarkitektur - Nettverksarkitektur - Automatisert skykonfigurasjon
  • Erfaring som IT-arkitekt, eller lignande roller knytt til arkitekturarbeid, er en fordel
  • Kjennskap til TOGAF eller tilsvarande arkitektur-rammeverk
  • Gode kommunikasjonseigenskapar (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, også i periodar med høgt tempo
  • Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar

Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i ltr 67-72 i statens regulativ (for tida kr. 615 800 - 677 600 brutto). For særs kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no), mobil: 414 18 943, eller
  • Gruppeleder Arkitekt og skysatsing Gisle Aas (gisle.aas@uib.no), mobil: 932 41 450

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS