LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 28.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør 

Ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig ei mellombels 2-årig stilling i 10 % som statistikar (senioringeniør). Stillinga er ekstern finansiert, og knytt til ALS kliniske behandlingsstudier. Studiene er en del av Neuro-SysMed, Norges første senter for klinisk behandlingsforskning av nevrologiske sjukdomar og demens. Senteret er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Universitetet i Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus.

Arbeidsoppgåver:

  • Studiedesign og planlegging: utvikle den statistiske analyseplanen (SAP), som skildrar dei statistiske metodane og prosedyrene som skal brukast; berekne utvalsstorleiken som trengst for å sikre at studien har nok kraft til å oppdage ein signifikant effekt.
  • Rapportering og tolkning: utarbeide statistiske rapportar og bidra til skrivinga av den endelege studierapporten. Tolke resultata i samanheng med studiedesignet og klinisk relevans.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad i statistikk 
  • omfattande relevant praksis er eit krav
  • gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav
  • kompetanse innan RCT og Viedoc er eit krav
  • det er ein fordel med kunnskap om ALS og andre nevrologiske sjukdomar

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 680 000 – 715 000 (kode 1181, med mastergrad). Løn er for tida kr 680 000 – 745 000 (kode 1181, med doktorgrad/ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS