Senioringeniør (50%) - Institutt for geovitskap (GEO)
Søknadsfrist: 02.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senioringeniør (50 %)
Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ei stilling som senioringeniør i 50% stilling ved Laboratorium for Element og Isotop Analyser (LabELISA) med hovudfokus på rein-laboratorium. LabELISA sitt hovudmål er å betene grunnleggjande og anvend forsking innan elementær og isotop geokjemi og analytisk kjemi for forskarar frå akademiske og offentlege institusjonar, private verksemder og industri. Rein-laboratorium spelar ei avgjerande rolle i dette arbeidet gjennom utarbeiding av eit breitt spekter av geologiske prøver for geokjemiske og isotop analyser, til dømes gjennom destillasjon av syrer, oppslutning av bergart, sediment og andre faste prøver, og ionebytterkromatografi.
Om instituttet
Institutt for geovitskap er eitt av Europas største geofaglege miljø, og har omlag 170 tilsette og 380 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synest i instituttet sine strategiske satsingsområde: (1) Marin, klima og polarforsking, (2) Geofarar og miljø, (3) Energiomstilling og ressursar. For meir informasjon, besøk instituttets nettside. Stillinga som senioringeniør vil vere ein del av instituttet si laboratorietekniske gruppe med til saman 11 medarbeidarar, med ein gruppeleiar som næraste overordna. Alle i den laboratorietekniske gruppa må rekne med å ta del i felles driftsoppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.
Arbeidsoppgåver:
Drifte rein-laboratorium, inkludert destillasjon av syrer.
Oppslutning av bergart og andre faste prøver til geokjemiske og isotope analyser.
Prøvepreparering til radiogen isotopanalyse (Sr, Nd, Pb, U-Th etc.) ved ionebytterkromatografi.
Metodeutvikling.
Rettleie brukarar av rein-laboratorium og lære opp studentar og tilsette.
Samarbeide tett med ICP-labben ved behov, til dømes radiogen isotopanalyser.
Utvikle rutinar for dokumentasjon, ROS-analyse, samt utarbeiding av HMS-rutinar.
Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad innan geovitskap. Doktorgrad er ein føremon.
Dokumentert erfaring med laboratoriearbeid i rein-lab er eit krav.
Erfaring med handtering av flussyre og salpetersyre er eit krav.
Erfaring med oppslutning av faste prøver er eit krav.
Erfaring med ionebytterkromatografi til isotopanalyse er eit krav.
Erfaring med analytiske metodar på ICP-labben som MC-ICP-MS er ein føremon.
Erfaring med rettleiing av studentar er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Norskkunnskapar er eit krav då det ligg utarbeiding av HMS-rutinar til arbeidsoppgåvene.
Personlege eigenskapar
Evne til å jobbe strukturert og nøyaktig.
Evne til å vise initiativ og vere fleksibel.
Evne til både å arbeide sjølvstendig og som del av eit team.
Evne til å vere løysings- og resultatorientert.
Svært gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
Stilling som senioringeniør (kode 1181) i det statlege lønsregulativet, med årsløn 657 300 - 708 000 kr. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, epost: desiree.roerdink@uib.no , +47 55 58 38 59 eller
Professor Rolf Birger Pedersen, Institutt for geovitenskap, epost: rolf.pedersen@uib.no, +47 55 58 35 17 eller
Gruppeleder Olav Audun Bjørkelund, Institutt for geovitenskap, epost: olav.bjorkelund@uib.no, +47 416 67 033
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.