Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektleiar (Senioringeniør) - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektleiar (Senioringeniør)

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 465 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 230 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg. Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt. Prosjekleiar (senioringeniør) ved Eigedomsavdelinga, Prosjekt er det ledig ei fast 100 % stilling som prosjektleiar. Vi søker etter ein dyktig, erfaren og engasjert prosjektleiar. Som byggherrerepresentant vil prosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege nybygg-, ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Den rette søkjaren vil kunne få gruppeleiaransvar innan seksjonen. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang og kompleksitet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til seksjonssjef Prosjekt og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Planlegging og oppfølging av byggeprosjekt
  • Prosjekt- og byggeleiing
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Tilbodsevaluering
  • Oppfølging av rådgjevarar og entreprenørar
  • Kontraktsoppfølging, endringshandtering m.m
  • Framdriftsplanlegging og oppfølging
  • Økonomiansvar og statusrapportering i byggeprosjekta
  • Ansvar for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) i samsvar med Byggherreforskrifta

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha høgare relevant utdanning på mastergradnivå
  • Erfaring frå prosjektleiing av større bygge- og/eller anleggsprosjekt
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til IT-system for prosjektstyring og byggeleiing
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
  • God økonomiforståing
  • Erfaring frå anskaffingar og ulike kontraktformer, det er ein føremon at søkjar har kunnskap om regelverket for offentlege innkjøp

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person med:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
  • Evne til å ta initiativrik og vere løysingsorientert
  • Evne og vilje til å bidra til utvikling av rutinar og samarbeid ved avdelinga
  • God serviceinnstilling
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 70 - 80 (for tida kr 640.200 – 813.400) i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://w3.uib.no/nb/eia/88612/eia-som-arbeidsplass#

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Kjartan Nesset, mobil 95 91 28 31, e-post: kjartan.nesset@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS