LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Produktlinjeleiar / Gruppeleiar (Linux) - senioringeniør

Søknadsfrist: 17.03.2025

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Vil du vere med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB? Ved IT-avdelinga er det no ledig stilling som produktlinjeleiar for vitskaplege berekningar (senioringeniør).

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ei kunnskapsrik og engasjert avdeling som deltar i spennande aktivitetar på heile UiB, og vi har brei kontakt med studentar og tilsette. IT-avdelinga består av om lag 130 tilsette og innehar eit stort mangfald av kompetanse og nasjonalitetar.

Produktlinja for vitskaplege berekningar har fleire leveransar til ulike forskingsmiljø, bla. NRIS, (https://www.sigma2.no/services-overview) bereknings- og lagringsressursar til fysikarar på CERN og andre produkt og løysningar for forskarar på UiB. Mange lokale løysningar baserer seg på NREC, (https://nrec.no/) som er ei skyløysing for universitet og høgskolar utvikla av UiB og UiO.

Produktlinja har i dag seks medarbeidarar. Som produktlinjeleiar i dette teamet får du moglegheit til å jobbe med mange nye og spennande teknologiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie produktlinja for vitskapelege berekningar
  • Delta i nasjonalt og internasjonalt samarbeid for IT-tenester til forsking
  • Forstå brukarane sine behov og vere et bindeledd mellom IT-avdelingen og resten av UIB når nye produkter
  • Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av løysingar som produktlinja har ansvar for
  • Bidra i UiB sine aktivitetar for leiarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Gode Linux kunnskapar 
  • Erfaring med eller interesse for DevOps, programmerbar infrastruktur og Kubernetes
  • Kjennskap til fagområda som er knytt til produktlinja vitskapelege berekningar er ønskeleg
  • Erfaring som enten bruker eller administrator frå tungrekning eller liknande miljø er en fordel
  • Mastergrad innanfor relevant fagområde eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og/eller etter -og vidareutdanning

Eigenskapar:

  • Trygg i leiarrolla og komfortabel med varierte oppgåver
  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt 
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar internt og eksternt 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Arbeidsspråket på IT-avdelinga er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for den tilsette og for avdelinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det gjerast eit unntak for norskspråk, med atterhald om å gjennomføre og bestå norskkurs på UiB på nivå 2 (B2) i løpet av dei to første åra av tilsetjingstilhøve.

Vi ber om at du sender inn CV, referansar og kopi av vitnemål. Søknadsbrev er ikkje naudsynt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit triveleg, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i moderne lokalar i Bergen sentrum
  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for IT-arbeid
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon som deltar i mange spennande aktivitetar
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 750 000 - 890 000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137) eller 
  • Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 464 74 644)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket kan bli anvendt ved behandling av søknader til stillinga. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS