Tungrekning (Linux) – senioringeniør / overingeniør ved IT-avdelinga
Søknadsfrist: 14.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!
Ved IT-avdelinga, produktlinje vitskaplege berekningar er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av vitskapeleg infrastruktur.IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB) er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT- tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar
IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga vil ha ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har så vidt starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga.
Arbeidsoppgåver:
Drift og vidareutvikling av infrastruktur og tenester for vitskapeleg databehandling
Drift og vidareutvikling av NRIS Infrastruktur og støttetenester
Drift og vidareutvikling av NREC tenester for Large Hadron Collider (https://home.cern/science/accelerators/large-hadron-collider)
Deltaking i prosjekter i e-infrastruktur lokalt, nasjonalt og internasjonalt for behandling av forskingsdata
Automatisering av drift og tenester for vitskapeleg databehandling
Feilsøking og feilretting på tenesta
Brukarstøtte og opplæring på bruk av vitskapelege tenester
Dokumentasjon av teneste og rutinar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Erfaring med avansert bruk av Linux OS
Kompetanse innan programmering i Python eller erfaring med andre relevante programeringsspråk og interesse i å lære Python
Kompilering og drift av vitskapeleg programvare på Linux
Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
Interesse for brukarinteraksjon
Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
Det er ønskeleg om du har kjennskap til en eller fleire av følgande:
Bruk og drift av tungrekneressursar
Git, DevOps
Containers, Kubernetes, Ansible, Terraform
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
Stilling som overingeniør (kode 1087) lønssteg 53- 70 (for tida kr. 483 700-650 300) eller senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58-74 (for tida kr. 524 900-702 100) avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Produktlinjeleiar Tomasz Stokowy (tomasz.stokowy@uib.no, mobil 486 14 219) eller
Produktleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga