LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Senioringeniør / overingeniør - Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 14.02.2021

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senioringeniør/overingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %, statistikar/bioinformatiker). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med senioringeniørkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje overingeniør. Stillinga vil vere knytt til kjernefasiliteten i biostatistikk og dataanalyse (BIOS).
BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å hjelpe forskarar internt ved Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk prosjektstøtte.
BIOS er ein del av fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og har i dag sju statistikarar/bioinformatikarar (6 årsverk) i overingeniør- og senioringeniørstillingar og ei administrativ stilling. I tillegg har fagområdet EPISTAT fem professorar og ein førsteamanuensis (3.9 årsverk) i medisinsk statistikk. Ein stor del av prosjekta BIOS er involvert i er prosjekt som bruker data frå ulike helseregistre og større helseundersøkingar, men vi bidrar også med prosjektstøtte i kliniske studiar og intervensjonsstudiar.
Arbeidsoppgåver:
- hjelpe til med studiedesign, tilrettelegging av data, statistisk rettleiing og statistiske analyser i ulike forskingsprosjekt. Prosjekta vil i hovudsak vere knytt til ulike forskingsgrupper og sentre ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen, men det vil også vere enkelte prosjekt knytt til andre forskingsinstitusjonar
- vere med å utvikle og holde kurs og workshops innanfor spesielle metodefelt i biostatistikk og bioinformatikk
- metodeutvikling og avansert databehandling innanfor genetisk statistikk og registerepidemiologi
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- søkjar må ha mastergrad i matematisk statistikk eller mastergrad i kjemometri, økonometri, aktuarutdanning, bioinformatikk eller tilsvarande metodebakgrunn med dokumentert kompetanse i statistikk
- relevant doktorgrad vil verte vektlagt, men er ikkje eit krav for stillinga
- søkjar må kunne nytte og drive utviklingsarbeid i statistiske program (R, STATA eller SAS)
- søkjar må kunne setje seg inn i nye relevante statistiske metodar
- omfattande relevant praksis er eit krav for stilling som senioringeniør. Dersom ingen søkjarar med omfattande erfaring melder seg kan det vere aktuelt å tilsette ein person med relevant mastergrad i overingeniørstilling
- det er ønskjeleg med erfaring frå medisinsk forsking, særleg innanfor registerepidemiologi, farmakoepidemiologi, genetikk og kliniske studiar
- gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav
Vi søkjer ein person som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- har evne til å arbeide sjølvstendig og likar å drive problemløysing
- er serviceinnstilt, imøtekommande og leverer til avtalt tid
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- for stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 516 400 - 555 800). For stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 474 500 - 507 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Førsteamanuensis Jannicke Igland, e-post: [email protected] eller tlf.: 55 58 85 28
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.