Overingeniør / senioringeniør ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 27.03.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør/senioringeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig 1-2 faste stillingar (100 %) som overingeniør eller senioringeniør (statistikar/bioinformatikar) knytt til Kjernefasilitet i Biostatistikk og Dataanalyse (BIOS).
BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å hjelpe forskarar internt ved Universitetet i Bergen og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk og bioinformatisk prosjektstøtte.
BIOS er ein del av fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og har i dag sju statistikarar/bioinformatikarar (6 årsverk) i overingeniør- og senioringeniørstillingar. I tillegg har fagområdet EPISTAT totalt 3.75 årsverk i medisinsk statistikk i førsteamanuensis/professor-stillingar. Ein stor del av prosjekta BIOS er involvert i er prosjekt som bruker data frå ulike helseregistre og større helseundersøkingar, men vi bidrar også med prosjektstøtte i kliniske studiar og intervensjonsstudiar.
Arbeidsoppgåver:
Gi råd og rettleiing til forskarar i samband med planlegging av studiar (f.eks. studiedesign, styrkeberekningar, val av statistisk metode), tilrettelegging av data og statistiske analyser i ulike forskingsprosjekt. Prosjekta vil i hovudsak vere knytt til ulike forskingsgrupper og sentre ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen, men det vil også vere enkelte prosjekt knytt til andre forskingsinstitusjonar. Prosjekta kan vere av langvarig karakter (fleire år, vanlegvis medforfattar på forskingsartiklar) eller kortvarig karakter (timebasert).
Det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan hjelpe med tilrettelegging og analyse av genetiske og epigenetiske data, f.eks. RNAseq-analyser, GWAS, EWAS og polygenetisk risiko score.
Vere med å utvikle og holde kurs og Workshops innanfor spesielle metodefelt i biostatistikk og bioinformatikk.
Metodeutvikling og avansert databehandling innanfor genetikk og registerepidemiologi.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad innanfor statistikk, bioinformatikk eller anna relevant fagområde (for eksempel kjemometri, data science eller maskinlæring). Manglande relevant mastergrad kan kompenserast med doktorgrad i statistikk, bioinformatikk, epidemiologi eller anna relevant dataanalytisk fag. Ved doktorgrad i epidemiologi utan relevant mastergrad må søkjar dokumentere solide kunnskapar i statistikk og dataanalyse, og omfattande relevant praksis er eit krav.
Det er ønskjeleg med omfattande erfaring med dataanalyse innanfor medisinsk forsking, særleg GWAS-studiar, polygenetisk risiko score, epigenetikk, registerepidemiologi, farmakoepidemiologi og kliniske studiar.
Relevant doktorgrad er ei føremon, men ikkje eit krav til stillinga.
Søkjar må kunne nytte og drive utviklingsarbeid i statistiske program (R, Python, STATA, eller SAS).
Tidlegare erfaring med rettleiing og prosjektstøtte i statistisk metode innanfor medisinsk forsking er ei føremon.
Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav. For søkjarar som ikkje har norsk som morsmål vert det kravd at den som vert tilsett kan kommunisere godt skriftleg og munnleg på norsk innan to år etter tilsetjinga.
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjonsevner.
har gode samarbeidsevner, gjerne erfaring med prosjektarbeid.
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
har evne til å arbeide sjølvstendig og setje seg inn i nye metodar.
er serviceinnstilt, imøtekommande og leverer til avtalt tid.
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Personar med relevant doktorgrad kan tilsettast som senioringeniør medan personar med mastergrad kan bli tilsett som over- eller senioringeniør avhengig av kompetanse og relevant erfaring.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
Overingeniør: Løn er for tida kr 605 000 – 645 000 (kode 1087, med Bachelor-/ Mastergrad). Løn er for tida kr 605 000 – 665 000 (kode 1087, med doktorgrad/Ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Senioringeniør: Løn er for tida kr 680 000 – 715 000 (kode 1181, med mastergrad). Løn er for tida kr 680 000 – 745 000 (kode 1181, med doktorgrad/ph.d.). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.