Forskningsdata – senioringeniør / overingeniør ved IT-avdelinga
Søknadsfrist: 16.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Handtering og prosessering av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. Ved IT-avdelinga, produktlinje vitskaplege berekningar er det ledig ei fast stilling overingeniør/senioringeniør knytt til utvikling og drift av vitskapeleg infrastruktur. Stillinga er hovudsakleg knytet til utvikling og drift av nasjonal lagringsinfrastruktur NIRD.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga her: Om-it-avdelingen-ved-uib
Ved produktområde for forskingstenester har vi no til saman fire faste stillingar utlyst, sjå gjerne om dei andre tre også er aktuelle for deg her.
Deltaking i prosjekter i e-infrastruktur lokalt, nasjonalt og internasjonalt for behandling av forskingsdata
Automatisering av drift og tenester for forskingsdata
Brukarstøtte og opplæring på bruk av forskingsdata
Dokumentasjon av teneste og rutinar
Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og øvrig fagmiljø ved IT-avdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
God teknisk forståing av både applikasjonsutviklingsprosessar og rammeverk
Kompetanse innan programmering med Python
Erfaring med system for versjonskontroll, som Git og GitLab
Kompetanse innan programmering med Java er ønskeleg
Teknisk erfaring med drift av Kubernetes og utvikling av tenester som kjørast på Kubernetes er ønskeleg
Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
Interesse for brukarinteraksjon
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar.
Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
Stilling som overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) 646 000 - 759 100 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Produktlinjeleiar Tomasz Stokowy (tomasz.stokowy@uib.no, mobil 486 14 219) eller
Produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling"