LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Digitalutviklar på Termportalen ved Språksamlingane

Søknadsfrist: 11.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetsbiblioteket søkjer ny digitalutviklar.

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) og Språksamlingane har nasjonalt ansvar for Termportalen. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, faggruppa for digital utvikling/Termportalen ved Språksamlingane. Eininga digital utvikling på Universitetsbiblioteket er eit aktivt og kompetent miljø med om lag 11 tilsette som har ansvar for utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte, blant anna for drift og utvikling av Språksamlinganes digitale portefølje.

Språksamlingane er den nasjonale vitskaplege dokumentasjonsressursen til norsk språk og norske namn og forvaltar ei lang rekkje databasar og infrastrukturar. Termportalen ved Språksamlingane har ansvar for å forvalte den nasjonale infrastrukturen for terminologi. I arbeidet med å nå målet om å gjere tilgjengeleg norsk terminologi i breidda av fagområda i universitets- og høgskulesektoren, ønsker vi å utvide staben med ein dyktig digitalutviklar (overingeniør 1087 eller senioringeniør kode 1181) i fast 100% stilling.

Vi er opptatt av:

  • Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
  • Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift av løysingar og bruk av tenester

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i nyutvikling og vidareutvikling av Termportalen sine løysingar, med spesielt fokus på integrasjonar og backend-utvikling
  • Programmere mot interne og eksterne api-ar i Javascript
  • Bygge opp CI/CD Automations-metodologier
  • Utnytte skytenester gjennom konfigurasjon og kode så langt det er mogleg
  • Medverke til deployment av Linux-servere og Elastic Search
  • Medverke til moderne og effektiv forvalting av tenester
  • Medverke til det generelle arbeidet i miljøet kring utvikling hos Språksamlingane og delta i aktivitetar knytt til faggruppa for digital utvikling

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må

  • ha erfaring frå utvikling av webapplikasjonar
  • ha erfaring med, eller interesse for, teknologiane og rammeverka vi nyttar, til dømes Knowledge Graphs, RDF, skytenester (NREC), Python, JavaScript, VueJS, PostgreSQL, OpenAPI, Git
  • ha gode evner til samarbeid og kompetansedeling
  • vere oppteken av å stadig lære nye ting
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta eige initiativ
  • ha gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar i norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk, samt gode kommunikasjonsevner
  • For å bli tilsett som overingeniør må du ha utdanning på bachelorgradsnivå innanfor relevant fagområde, for senioringeniør må du ha utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein organisasjon full av engasjert og kunnskapsrike kollegaer
  • Deltaking i spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) kr. 575 400 - 604 900 eller senioringeniør (kode 1181) kr. 646 000 - 667 700 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  •  Fagleg leiar for Digital utvikling Juliane Tiemann (juliane.tiemann@uib.no, tlf. +47 55 58 24 62), 
  • Seksjonsleiar Karin Rydving (Karin.Rydving@uib.no, tlf. +47 55 58 88 40) eller 
  • Fagleg leiar på Termportalen, Marita Kristiansen (marita.kristiansen@uib.no, tlf. +47 55 58 30 69)

Den som vert tilsett har hovudsakeleg sine arbeidsoppgåver på Termportalens ansvarsområde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS