Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av menneske? Er du vår nye produktlinjeleiar?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!
Behandling av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. For å støtte Universitetet i Bergen si verksemd aukar UiB sin innsats på området og søker etter ei som kan leie utviklinga av IT-tenester knytt til vitskaplege berekningar. Ved IT-avdelinga er det no ledig stilling som produktlinjeleiar for vitskaplege berekningar (senioringeniør).
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 130 tilsette, medteke lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga her.
Produktlinja for vitskaplege berekningar har fleire leveransar til forskingsmiljø, bla, NRIS, bereknings- og lagringsressursar til fysikarar på CERN og andre produkta og løysningar for forskarar på UiB. Mange lokale løysningar baserer seg på NREC, kor er det tett samarbeid med NREC produktteam.
NRIS er et samarbeid melom UiB, UiO, UiT, NTNU og Sigma2 som leverer infrastruktur og tenester for tungrekning og databehandling.
NREC er en skyløysing for universitet og høgskolar som er utvikla av UiB og UiO.
Produktlinja har per i dag 6 medarbeidarar og 2-3 frå andre grupper som bidrar til produktlinjeleveransar.
Arbeidsoppgåver:
Lede produktlinja for vitskapelege berekningar
Delta i nasjonalt og noko internasjonalt samarbeid for IT-tenester til forsking
Saman med produktteamet gå gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga, forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver
Saman med produktteamet ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med sterk fagkompetanse og andre relevante IT-ressursar frå avdelinga og andre avdelingar på UiB
Delta i drift og utvikling av tenestene i produktlinja
Brubyggjar mellom ulike tungreknemiljø og jobbe tett samen med utviklings- og driftsmiljøa i produktteamet for digitale forskingstenester
Bidra aktivt i utviklinga av produktlinja gjennom samarbeid med forskarar og partnarar
Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av løysingar som produktlinja har ansvar for
Bidra til å vidareutvikle produktområda digitale forskingstenester og produkt ved seksjonen og fagmiljøa ved IT-avdelinga og UiB
Personalleiing og utvikling av medarbeidarar i produktlinja
Bidragsytar i avdelingas og UiB sine aktivitetar for leiarar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Trygg i leiarrolla og komfortabel med varierte oppgåver.
Kjennskap til fagområda som er knytt til produktlinja vitskapelege berekningar
Erfaring som enten bruker eller administrator frå tungrekning eller liknande miljø
Erfaring frå forsking innan relevante fag med tung bruk av datateknologi er ønskeleg
Erfaring frå å skrive søknader til Forskingsrådet eller EU-utlysingar er ønskeleg
Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga
Minimum mastergrad eller tilsvarande utdanning innafor IT, informatikk, naturvitskap eller andre relevante fag med stor fokus på algoritmar og berekningar
For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning
Vi ber om at du sender inn CV, referansar og kopi av vitnemål. Eige søknadsbrev er ikkje naudsynt.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar
Stilling som senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 657 300 - 866 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137) eller
Underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 464 74 644)
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.