LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Gruppeleiar - klientdrift

Søknadsfrist: 28.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. 

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

Ver med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiB!

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør 

Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du leia arbeidet med utvikle og drifte eit moderne styringssystem for klientar?-Då er det deg vi ser etter

Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som gruppeleiar klientdrift - senioringeniør i seksjon for IT-fellestenester.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her.

Gruppa for klientdrift inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift klientar (Linux, MacOS og Windows) ved UiB. I løpet av 2023/24 skal gruppa blant anna utvikle sertifikatsbasert nettverkstilgang og kodebasert klientdrift.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:

  • fagleg ansvar for drift av klientar ved UiB.
  • gruppeleiing/arbeidsleiing/personaloppfølging for ei gruppe medarbeidarar
  • delta i leiargruppa i seksjonen.
  • kundekontakt i samband med tenester gruppa leverer
  • leiing av teknisk sakshandsaming
  • aktiv operativ deltaking i drifta i gruppa
  • budsjett og innkjøpsarbeid i samband med faggruppas oppgåver.

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar, evne til å motivere andre, og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
  • Du er sjølvstendig, strukturert og kan lede og arbeida i team
  • Du er nysgjerrig, opptatt av å finna gode løysingar og har god arbeidskapasitet
  • Kjennskap til moderne drift av klientar (Linux, MacOS og Windows) og tilhøyrande verktøy, som SCCM, MDM, AD/GP.
  • Forståing av informasjonstryggleik
  • IT-teknisk kompetent, nysgjerrig og svolten på å lære nye ting
  • Høy arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
  • Du er god til å samarbeide og til å bygge relasjonar internt og eksternt. I tillegg evner du å forstå behova til brukarane våre
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) med årslønn kr. 700 000 - 850 000 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS