Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Arkeologisk feltarbeid 2020

Søknadsfrist: 15.10.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Arkeologisk feltarbeid 2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her.

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, forvalting og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg også ansvaret for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskapelege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 130 årsverk. Nærare informasjon finn ein her: https://www.universitetsmuseet.no/nb

Universitetsmuseet ved Fornminneseksjonen har ansvar for forvaltningsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltninga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Funnmaterialet frå undersøkingane dannar basis for museets arkeologiske forsking og forskningskommunikasjon.

Universitetsmuseet har for feltsesongen 2020 behov for personell til arkeologisk feltarbeid. Feltsesongen er normalt frå april til november.

Tilsettingane vil vere av ulik lengde og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Vi vurderer alle søknader som generelle, det vil seie at dei vil gjelde for alt feltarbeid som kjem i løpet av det tidsrommet du har oppgitt at du kan arbeide. Det er likevel ønskeleg at ein kjem med faglege eller tematiske prioriteringar i søknadsbrevet.

Om stillingane:

Feltassistent (stillingskode 0389 fagkonsulent)

  • Arbeidsoppgåver: Feltassistent utfører oppgåver og assistanse ved feltarbeid under leiing av feltleiar/utgravingsleiar. Feltassistent utfører oppgåver som utgraving, prøvetaking, handsaming av funn, dokumentasjon, assistanse ved innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan óg leggjast til stillinga.
  • Kvalifikasjonskrav: Minimumskrav er normalt bachelorgrad. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar.
  • Feltassistent vert løna etter lønssteg 45-50 (kr 414.600 – 449.300 per år i 100 % stilling) etter erfaring i felt/feltarbeid.

Feltleiar (stillingskode 0400 leiande driftsleder)

  • Arbeidsoppgåver: Feltleiar skal avlaste prosjektleiar eller utgravingsleiar i ulike oppgåver knytt til arkeologiske utgravingar. Feltleiar kan verte gjeve dagleg leieransvar for ein avgrensa del av feltarbeidet. Feltleiar utfører også oppgåver som utgraving, prøvetaking,funnbehandling, dokumentasjon, innmåling og databehandling i Intrasis. Andre oppgåver kan óg leggjast til stillinga.
  • Kvalifikasjonskrav: Mastergrad i arkeologi, søkaren bør óg ha brei erfaring frå arkeologisk feltarbeid. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formelle kvalifikasjonar. Kompetanse innanfor GIS/Intrasis er ein fordel. Det er ønskeleg med førarkort for bil (klasse B).
  • Feltleiar vert løna etter lønssteg 51-58 (kr 456.400 – 513.600 per år i 100 % stilling) etter erfaring i felt/feltarbeid.

For alle stillingane gjeld:

Vi søker engasjerte og ansvarsfulle personar som kan arbeide i team, av og til under krevjande forhold. Vi ønsker personar som har evne og vilje til å skape gode arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ulike delar av museets ansvarsområde
  • Arbeid med ulike typar arkeologiske kulturminne
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø og gode og fagleg dyktige kollegaer
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse ved stilling 20 % eller meir av full stilling
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev ( ½ side)
  • CV
  • Attestar

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen. Det er viktig at du i søknaden oppgir kva stillingskategoriar du er interessert i. Spesifiser gjerne faglege interesser og opplys nøyaktig om kva tidsrom du kan arbeide. Vi ber og om at du opplyser om du har førarkort og om kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. Opplys gjerne óg om andre forhold som kan vere av betyding. I samband med tildeling av arbeid vil det bli gjort ei lønsplassering, derfor må utdanning og arkeologisk erfaring/praksis dokumenterast.

Søknadsfrist for første gongs tildeling 3. mars er 25. februar 2020. Etter dette vil feltarbeid bli tildelt fortløpande gjennom heile sesongen etter kvart som nye prosjekt kjem inn. Vi tek i mot søknader gjennom heile sesongen. Dei som får tilbod vil verte kontakta. Send berre éin søknad, men oppdater gjerne informasjon gjennom sesongen dersom det skjer store endringar i forhold til CV og tidsrom du kan arbeide. Dette kan gjerast på e-post til: post@fms.uib.no.

Tiltreding: Frå slutten av mars og ut feltsesongen. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli og det vil berre unntaksvis verte aktivitet i felt i denne perioden.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon kan du få frå:

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS