Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Stipendiat
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei mellombels stilling i 100 % som stipendiat innan utdanningshistorie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for Lærerutdanning, kultur og idrett, campus Bergen, Sogndal eller Stord, er det ledig ei åremålstilling som stipendiat i utdanningshistorie. Arbeidsstad er lagt til miljøet ved BARNkunne – Senter for barnehageforskning. Senteret utgjer eit tverrvitskapeleg kunnskapsmiljø for forsking, formidling og undervisning i barnehagelærarutdanning, masterutdanning i barnehagekunnskap og utdanning på doktorgradsnivå. Vi søkjer etter kreative, motiverte og sosialt engasjerte ph.d. kandidatar som deler verdiar som senteret byggjer på, og som kan utvikle eit ph.d. prosjekt i samarbeid med eit rettleiarteam.
Stillinga i utdanningshistorie er ei forskar -og utdanningsstilling som skal gi lovande forskarrekruttar moglegheit til fagleg utvikling relevant for barnehagefeltet. Stillinga skal styrke kunnskapsgrunnlaget for barnehagelærarutdanninga og barnehageforskning i Forskarskulen NORBARN.
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innafor ei tidsramme på 3 år.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag campus Bergen, Sogndal eller Stord i tilsettingsperioden.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Det er ønskeleg med oppstart i stillinga innan 01.05.2024.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiatstillinga er knytta til BARNkunne – Senter for barnehageforskning. BARNkunne er eit godt etablert forskingssenter. Senteret er ekstern finansiert gjennom Forskningsrådet i perioden 2018-2028. BARNkunne utfører praksisrelevant forsking i nært samarbeid med barnehagesektoren og nasjonale og internasjonale partnare. Senteret har strategisk funksjon for HVL, med mål om å styrke barnehageforsking og byggje miljø for fremragande forsking.
Vi søkjer etter historiske prosjekt som kan bidra til ei meir grenseoverskridande historieforsking og som kan bidra til å kontekstualisere og legitimere barnehageprofesjonell forsking og barnehagen som ein dannings- og utdanningsarena. Her kan stikkord vere sosiale, kulturelle, materielle, politiske og økonomiske forventingar og praksisar. Kandidaten kan sjølv utforme kva stikkord som skal vere fokus og kva som skal vere bakgrunn.
Problema vi søkjer å løfte fram er både kva som er hovudlinjene for utviklinga, særdraga i barnehagepedagogikken og innhaldselementa i barnehagen, og kva som kan oppdagast om meir ukjente drag av historia ved å gå historisk til verks. Prosjektet vi søkjer skal bidra til ny innsikt av relevans for barnehagesektoren og av allmennyttig forståing av barn og barndom. Uavhengig av vinkling og val bør prosjektet ta for seg spørsmålet om barnehagen i Norge har særdrag i lys av Nordiske perspektiv. Historieperspektivet er ope og kan bety kortare eller lengre tidsperspektiv.
Det er forventa at stipendiaten fullfører ein ph.d. avhandling innan tre år, basert på fagfellevurderte artiklar. Det er og forventa at stipendiaten deltek aktivt i intellektuelt og sosialt forskargruppearbeid. Dette kan innebere å vere medforfattar, å dele arbeid undervegs i seminar, verkstad og på konferansar, og det inneber å respondere konstruktivt på initiativ frå andre og sjølv vere ein drivar i miljøet.
Det er ei føresetnad at stipendiatens prosjekt innrettast slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.- programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar". Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet her.
Stipendiaten må søke opptak til ph.d-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar". Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeide ein detaljert plan for forskerutdanninga som skal knyttast til opptak ved ph.d.- utdanninga. Endeleg plan for doktorgradsutdanning skal være godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetting.
Relevant mastergrad innanfor utdanningshistorie, barnehagekunnskap, pedagogikk eller fagkombinasjonar innanfor samfunnsvitskaplege eller humanistiske fagområde. Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må være godkjent seinast 3 veker etter søknadsfristen.
Karakteren på masteroppgåva skal normalt vere B eller betre
Prosjektskildring og kvaliteten på denne blir vektlagt
Forskingsrelevant erfaring, slik som publisering og deltaking i forskingsprosjekt frå inntil 3 siste år blir vektlagt
Personen som blir tilsett må dekkje krava til opptak på Ph.d.programmet "Studiar innan danning og didaktiske praksisar". For meir informasjon, sjå her
Søkjarar må ha gode ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt i engelsk, både skriftleg og munnleg
Ønska kvalifikasjonar:
Kjennskap til grunnutdanning som barnehagelærar/førskulelærar og/eller innan historiefag
Personlege eigenskapar:
Ha gode samarbeids- og formidlingsevner
Ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og være fleksibel
Evne til å arbeide effektivt og systematisk
Evne til nytenking og gjennomføring
Bidra til eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø
Søkjarar må levere ei førebels prosjektskildring på maks fem sider som tek utgangspunkt i prosjektskissa for studien og beskriv korleis søkjar ser for seg gjennomføringa av stipendiatprosjektet, med val av tema, problemstillingar, metode og plan for gjennomføring av prosjektet. Den førebelse prosjektskildringa vil brukas i vurdering av kandidatens kvalifikasjonar og vil ikkje være den endelege prosjektskildringa.
Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanninga "Studiar innan danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett. innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.
Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskildring
attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.