Stilling:

Vitskapleg assistent ved DIGSSCORE

Søknadsfrist 26. september 2018

Ved Kjernefasilitet for digital samfunnsvitenskap (DIGSSCORE) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent for to år, med oppstart i oktober 2018.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Vitskaplege assistentar knytt til DIGSSCORE vert oppmoda til å utvikla eigne doktorgradsprosjekt. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinering og tilrettelegging for Norsk medborgerpanel og andre sub-populasjonspanel.
  • Bearbeiding, og analyse av data samla inn ved DIGSSCORE
  • Pilotering av undersøkingar gjennomført ved DIGSSCORE
  • Førebuing av materiell til stands, plakatar, og medieoppslag
  • Munnlege presentasjonar av DIGSSCORE i ulike samanhengar
  • Oppdateringar på sosiale media og internettsider
  • Tilrettelegging for faglig aktivitet, møte, og prosjektarbeid ved DIGSSCORE.
  • Anna prosjektarbeid for DIGSSCORE.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i eitt av samfunnsfaga eller psykologi
  • Særleg gode ferdigheiter innan data-analyse og framstilling. Kjennskap til R og/eller STATA er eit krav.
  • Gode språkkunnskaper i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg er eit krav
  • Kjennskap til programvare til bruk i lab slik som Qualtrics eller liknande er ønskeleg
  • Erfaring med gjennomføring av eksperiment i lab er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode munnlege og skriftlige formidlingsevner er eit krav
  • Gode samarbeidsevner er eit krav.
  • Motivasjon til å samarbeide fleirfagleg og på ulike prosjekt

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stillinga vert lønna i kode 1020, lønnstrinn 51, årslønn 449 400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknadsbrevet skal skildre motivasjon og bakgrunn for stillinga og evt. indikera ambisjonar og tematikk for eiga doktorgradsavhandling i framtida. Søknadsbrevet med CV, vitnemål, abstrakt frå masteroppgåva og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida: ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 26. september 2018

Søknaden skal merkast 18/10062

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Hiwa Målen: hiwa.malen@uib.no, mob.tlf: +47 47043470.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Hjemmeside: www.uib.no

Søk på jobben


Powered by Labrador CMS