Stilling:

Vitskapleg assistent (Det samfunnsvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist 18. januar 2019

Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 50%-stilling som vitskapleg assistent for ein periode på eit år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver

Den vitskaplege assistenten sine oppgåver er knytt til dei to forskingsprosjekta Mediebruk, kultur og offentlig tilknytning: Informasjonsfrihet i «stordata’ens tidsalder», og Intrusive media, ambivalent users and digital detox, samt til Forskingsgruppa mediebruk og publikumsstudiar. Oppgåvene omfattar administrasjon av møteaktivitetar, praktisk arbeid knytt til publikasjonar og forskingsformidling, arbeid med handtering av forskingsdata (til dømes transkribering og samandrag av intervju, koding av survey-data), og ansvar for oppdatering av prosjektet og gruppa sine nettsider. Den vitskaplege assistenten blir medlem av gruppa, og kan i samband med stillinga få høve til å utvikle eigne publikasjonar eller formidlingsaktivitetar innanfor gruppas område

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i medievitskap eller tilsvarande med påbyrja masterstudiar eller fullført mastergrad i medievitskap eller tilsvarande
  • Kjennskap til forskingsfeltet mediebruk og publikumsstudiar er ein føremon
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig
  • God administrativ IT – kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 35 - 42 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1019). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast (Personer med mastergrad vil bli lønna i kode 1020, lønnstrinn 51)
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 18. januar 2019

Søknaden skal merkast 2018/14496

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS