Stilling:

Vitskapleg assistent (50 %) i skulptur og installasjon

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent (50 %) i skulptur og installasjon

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei mellombels stilling (50 %) som vitskapleg assistent for to år knytt til fokusområdet skulptur og installasjon.

Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudssak vil ha oppgåver knytt til styrking av fokusområdet skulptur og installasjon. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for fokusområdet og inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Ta del i skulptur og installasjon sine forskingsprosjekt gjennom eigen forsking
  • Undervise studentar i fokusområdet og andre relaterte kunstnarlege teknikkar
  • Bidra til ei vidare utvikling av studietilbodet i skulptur og installasjon og i området sine støttefunksjoner.
  • Ha kjennskap til relevante emner som er aktuelle og viktig for KMD si utvikling på feltet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, fortrinnsvis innan relevant tematikk for fokusområdet
  • Kjennskap til forsking relatert til fokusområdet.
  • God språkkunnskap og formuleringsevne i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig

Personlege eigenskapar

  • Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som vitskapleg assistent (kode 1020) i lønnssteg 42 - 47 (for tida kr. 391.800 - 421.700 brutto i fulltidsstilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål som visar at du har relevant utdanning
  • Relevante attestar
  • Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Aashild Grana på tlf. + 47 - 55 58 73 00

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS