Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent - Institutt for sosialantropologi

Søknadsfrist: 01.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent i perioden november 2019 til november 2021. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Arbeidsoppgåver:

50% av stillinga er knytt til Comparative Research Programme on Poverty (CROP, https://www.crop.org/), 25% til prosjektet Enclaving (https://www.uib.no/urbanenclavingfutures) og 25% til assistanse for instituttleiar. Stillinga inkluderer oppdatering og utvikling av nettsider og sosiale media (Facebook, Twitter, YouTube), samt oppgåver i samband med workshoper, konferansar, innsamling og organisering av datamateriale, publikasjonar, tekstredigering og anna fagleg verksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftlig. Det offisielle arbeidsspråket ved CROP er engelsk.
  • God administrativ IT – kompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 1.10.2019

Søknaden skal merkast 19/23022.

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Ståle Knudsen, mail stale.knudsen@uib.no, telefon 55 58 92 80.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS