Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor (50 %) innan visuell kommunikasjon

Søknadsfrist: 06.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for design, er det ledig ei fast stilling (50 %) innan visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska frå våren 2020.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor som kan undervise i visuell kommunikasjon for BA- og MA-studenter. Søkarar må referere til praksis innan design og helst med kompetanse innan typografi. Dei mest relevante programvarar er Photoshop, Illustrator, InDesign, FontLab, After Effects, Invision og XD. Andre arbeidsoppgåver kan vere å bidra til oppdatering og vedlikehald av utstyr i samarbeid med IT ved UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan visuell kommunikasjon. Søkjarar med dokumentert anerkjent kunstnarleg praksis eller utviklingsarbeid av eit visst omfang kan også bli vurdert. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Gode samarbeidsevner
  • Erfaring med programmering for interaktiv visuell prototyping i HTML og CSS og kjennskap til «open-source metodikk»

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) i lønssteg 52 - 64 (kr. 464.000 - 573.100, lønsramme 25:6). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan bli bede om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande instituttleiar Ashley Booth, tlf. 55 58 73 00, e-post ashley.booth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS