Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Underdirektør ved Studieadministrativ avdeling

Søknadsfrist: 15.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Underdirektør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Ved Studieadministrativ avdeling er det ledig ei fast stilling som underdirektør. Underdirektøren er fast stedfortreder for avdelingsdirektøren. Ansvar for leiing av ein av seksjonane ved avdelinga kan og bli lagt til stillinga.

Studieadministrativ avdeling har om lag 60 årsverk og er delt i fire seksjonar. Avdelinga har ansvar for digitale tenester til studentane, studentrekruttering og marknadsføring, opptak og mottak av studentar, eksamensadministrasjon, etter- og vidareutdanning, internasjonal studentmobilitet og kvalitetssikring av studia.

Arbeidsoppgåver:

  • Underdirektøren vil primært ha delegert ansvar for den daglege drifta av avdelinga
  • Oppfølging av dei tilsette og av seksjonsleiarane
  • Forvaltning og vidareutvikling av IT-system og tenester
  • Oppfølging av organisasjonsmessige tilhøve i tett samarbeid med avdelingsdirektøren
  • Delegert HMS-ansvar og ansvar for avdelinga sitt beredskapsarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå
  • Søkjarar må dokumentera resultat innanfor personalleiing, organisasjonsutvikling og leiing av tilsette som arbeider med leveranser og utvikling av tenester
  • Kjennskap til studieadministrasjon vil vere ei føremon. Det vil og kjennskap til universitetet sine verdiar, oppgåver og virkefelt, samt kunnskap om utdanningsfeltet og om universitets- og høgskolesektoren.
  • Den som vert tilsett må vere kvalitetsbevisst, ha eit tydeleg fokus på mål og gjennomføring, vere fleksibel og samarbeidsorientert
  • Det er naudsynt med gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på bokmål, nynorsk og engelsk

Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som underdirektør (kode 1059) i lønssteg 78 - 83 (for tida kr 765 100 - 883 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsdirektør Christen Soleim, tlf. 55 58 90 74 / 41 47 91 81, e-post: christen.soleim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS