Stilling:

Studentombud

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentombud

Vil du tale studentane si sak ved Universitetet i Bergen?

Det er ledig ei fast stilling som studentombod ved UiB. Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som har i oppgåve å gje studentane råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Studentombodet skal sjå til at sakene vert forsvarleg og korrekt handsama slik at rettigheitane vert ivaretekne. Stillinga er ei uavhengig stilling i høve til institusjonen og er organisatorisk plassert ved HR-avdelinga, med arbeidsstad på Studentsenteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistand og rådgjeving for studentar
  • Gjere ombodsfunksjonen kjend blant studentane
  • Delta på opplæring av studenttillitsvalde om studentane sine rettigheiter og plikter
  • Rapportere til rektor halvårleg og jamleg i særskilt alvorlege saker
  • Kan på eige initiativ fremje saker for universitetsstyret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Juridisk kompetanse
  • Røynsle frå arbeid med studentrettar
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
  • God kunnskap i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og å byggje relasjonar

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 70 (for tida kr 576 100 - 631 700 ) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Viserektor for utdanning Oddrun Samdal, tlf. nr. 970 70 904 eller
  • Avdelingsdirektør ved Studieadministrativ avdeling Christen Soleim, tlf. nr. 414 79 181

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS