Stilling:

Seniorforskningstekniker (Institutt for biologisk og medisinsk psykologi)

Søknadsfrist 19.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorforskingsteknikar

Ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi er det ledig ei fast stilling som seniorforskingsteknikar. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Ved oppstart er stillinga finansiert av Norges forskningsråd ved prosjektet «When default is not default: Solutions to the replication crisis and beyond» med professor Karsten Specht som prosjektleder.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillingen vil fungere som ein forskingsassistent og «project manager» og koordinere dei ulike aktivitetane i prosjektet
  • Samordne logistikk med omsyn til tider på skannar og laboratoria
  • Organisere forskingsoppgåver
  • Halde kontakt med deltakarane og dei internasjonale prosjektpartnerane
  • Vedlikehald og oppdatering av web-sider og sosiale media
  • Innkalle og koordinere møter og seminar
  • Assistere under undervising.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Stillingen krev relevant mastergrad innanfor eit av feltene; nevrovitskap, psykologi, informatikk eller tilsvarande spesialutdanning
  • Det er eit krav om å ha god forkunnskap og erfaring i programvarer til statistisk databehandling, som SPSS, MATLAB, Python, e.l.
  • Det er ein stor fordel å ha dokumentert erfaring i organisering og koordinering av store prosjekt med fleire aktørar
  • Det vil vere ein fordel å ha erfaring i å lagre og vedlikehalde web-sider og i bruk av sosiale media
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Gode norskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorforskingsteknikar (kode 1513) i lønssteg 51 (for tida kr 449 000 ) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Eventuell dokumentasjon på erfaring med organisering og koordinering av prosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektbeskriving kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS