Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Borgund Kaupang Prosjektet

Søknadsfrist: 13.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Overingeniør Borgund Kaupang Prosjektet, ved Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

I Borgundkaupangprosjektet (BKP) ved Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei midlertidig 100% stilling som overingeniør i 10 månader (kan bli forlenga) frå 1. august 2019 (eller etter avtale). BKP er lagt til Forskingsseksjonen, Avdeling for kulturhistorie. Prosjektet er eit forskingsprosjekt som tar utgangspunkt i arkeologisk materiale tilhøyrande dei arkeologiske mellomaldersamlingane ved Universitetsmuseet.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere å hjelpe prosjektleiaren for BKP i vitskapeleg kuratering av arkeologiske kjelder frå utgravingar på 1950-70-talet i Borgund ved Ålesund for forsking og formidling innan BKP. Dette vil mellom anna omfatte systematisering av dokumentasjonsmateriale, grunnleggande klassifisering av gjenstandsmateriale, etablering av felles forskings-infrastruktur for BKP. Databasearbeid, digitalisering av utgravingsdokumentasjon og tilrettelegging for analyse i GIS vil vere blant arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk Master i arkeologi (eller tilsvarande) med solid gjenstandskunnskap innan det mellomalderarkeologiske fagfeltet med særleg vekt på hushalds- og produksjonsreiskapar
  • Erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar for forskingsprosjekt
  • God generell IT-kompetanse
  • Erfaring med dei norske universitetsmuseas felles databasesystem (MUSIT)
  • Særs god kunnskap om- og erfaring med arbeid i Universitetsmuseets samlingar og arkiv for mellomalderarkeologi, Mellomaldersamlinga
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk)
  • Førarkort for personbil (Klasse B)

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Vere fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik og målretta
  • Kunne arbeide som del av eit team men og sjølvstendig
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet.

Det er vesentleg at den som vert tilsette er eigna for stillinga, og personlege eigenskapar som er relevante for stillinga vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant forskingsprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som overingeniør(kode 1087) i lønssteg 53 - 60 (for tida kr 464.800 – 524.200) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn verte vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Gitte Hansen, vitskapeleg ansvarleg for Mellomaldersamlinga, prosjektleiar Borgundkaupangprosjektet. Epost: Gitte.Hansen@uib.no, tlf: (+47) 55 58 80 26, Mob: (+47)

Søknad:

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attersterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS