Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Office365 drift

Søknadsfrist: 19.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Office365 drift

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB! Vi tar meir og meir i bruk Office 365 porteføljen, og du kan være med å forme framtidas IT-løysningar for UiB.

Ved IT-avdelinga, Seksjon for infrastruktur er det ledig en fast stilling som avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør knytet til forvaltning av Office365-porteføljen. IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer et bredt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har rundt 100 tilsette, i tillegg til lærlingar, deltidstilsette og studentar. IT-avdelinga legger vekt på kontinuerlig forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Vi arbeider i stadig større grad i prosjekt og har tatt i bruk standard metodikk for dette.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vidareutvikling av Office365-porteføljen
  • Automatisering og sjølvbetjening med PowerShell, Flow, og liknande
  • Bidra i prosjekter som trenger Microsoft-kompetanse
  • Andre oppgåver relatert til Microsoft-produkt i bruk ved UiB
  • Drift av klientar i en hybrid infrastruktur
  • Noe drift av lokale servere

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Kompetanse innan programmering og scripting på Windows plattform er ønskelig
  • Det er en fordel med erfaring innanfor O365 og Azure plattforma, spesielt innanfor:

- Azure AD og gjerne B2B og B2C - Azure ATP - Azure ATP - Azure AIP - Intune - Exchange Online

  • Det er en fordel med basiskunnskap innan drift av klientar og servere
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftlig på norsk og engelsk

Dine eigenskapar:

  • Liker å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Systematisk og ansvarsbevisst
  • Opptatt av å finne gode løysningar og har god arbeidskapasitet
  • Evne til å sette seg inn i brukarens problemstillingar

Vi vil legge spesiell vekt på personlige eigenskapar som gjør søkarane skikka til stillinga. Vi oppfordrar nyutdanna til å søke på stillinga.

For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør eller senioringeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085), overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 48-54 (for tida kr 428 500 – 472 300), 53-68 (for tida kr 464 800 - 607 700), eller 58-68 (for tida kr 505 800 – 607 700) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkare, kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller
  • Gruppeleiar Kristian Holst (kristian.holst@uib.no, mobil 48 16 26 82)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS