Stilling:

Laboratorieteknikarstilling (Kode 1085) ved Sars Internasjonale Senter for Marin Molekylærbiologisk Forskning

Søknadsfrist 01.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


SARS - Internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning (Sarssenteret) gjennomfører grunnleggande forsking på utvikling og evolusjonen til marine dyr, ved å bruke avanserte metodar av molekylær/celle/berekningsorientert biologi. Sarssenteret er partnar med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (www.embl.de/) og held til i Høgteknologi-senteret i Bergen saman med fleire andre avdelingar frå Universitetet i Bergen. - Les meir her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Laboratorieteknikar

Ved Sarssenteret (www.sars.no) er det ledig ei fast stilling som laboratorieteknikar i forskargruppa til Dr. Tim Lynagh frå mars 2019. Arbeid i gruppa fokuserer på funksjonen og evolusjonen til nevrotransmitter reseptorar ved å bruka molekylær biologi, elektrofysiologi, og plankton-arten Oikopleura som hovudmodellsystem. Sars Internasjonale Senter høyrer til Universitetet i Bergen og er partner med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (www.embl.de/).

Arbeidsoppgåver

Denne arbeidsgruppa er ny og personen som vert tilsett vil få ein stor rolle når det gjeld å etablere laboratoriet, inkludert administrering, innkjøp og praktisk lab-arbeid. Den som vert tilsett vil få opplæring av gruppeleiar i enkelte metodar, vil bidra til forskingsprosjekta gjennom lab-arbeid og instruera andre. Han/Ho vil jobba tett saman med andre gruppemedlemar i forskingsprosjekta. Hovudoppgåvene vil omfatte mutagenese, molekylær kloning, generering av gen-konstruksjonar, mikroinjeksjonar i eggstokk eller egg, in situ hybridiseringar og mikroskopering, med overordna mål om å forstå funksjonen og evolusjonen til nevrotransmitter reseptorar. Den tilsette rapporterer til gruppeleiar. Arbeidsspråket er engelsk og norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkarar må minimum ha ei relevant vitskapeleg utdanning på bachelornivå. Høgare grad eller spesialutdanning kan vere eit krav dersom det blir rekna som nødvendig i forhold til dei oppgåvene som skal løysast. Utfyllande og relevant praksis kombinert med relevant formell opplæring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Rutineerfaring med standard molekylær- og cellulærbiologiske teknikkar er eit krav
  • Kompetanse i proteinuttrykk og proteinreinsing ved bruk av affinitet og ion-exchange kromatografi er nødvendig
  • Praktisk erfaring med ulike bildebehandlingsteknikkar, for eksempel bright-field, DIC, phase and fluorescence konfokal mikroskopi er forventa
  • Tidlegare arbeid med choanoflagellater (starter kulturer fra frosne lager, bestemmelse av cellers tetthet, kulturvedlikehold, koloniinduksjon) er ein stor fordel
  • Søkarar må kunne kommunisere flytande (munnleg og skriftleg) på engelsk
  • Personlege eigeskapar som medfører konstruktiv interaksjon med gruppemedlemmer er viktig

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø
  • Løn som avdelingsingeniør, kode 1085 frå lønnssteg 47-52, lønnsramme 22, etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For tida utgjer dette frå kr 421.700 til kr 456.900. For særskilt kvalifiserte søkjarar, kan det vurderast høgare løn
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad

Søknad på engelsk skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopier av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 01. Mars 2019

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS