Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsteknikar (50 % mellombels) - Dyreavdelinga

Søknadsfrist: 16.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsteknikar (50 % mellombels)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Dyreavdelinga, er det ledig ei mellombels 50% stilling som forskingsteknikar med tilsetting så snart som mogleg og til 13. mars 2020. Stillinga er knytt til prosjektet Characterizing and reversing β-cell senescence and proliferation quiescence in monogenic diabetes (Excellensprosjekt - endokrinologisk forsking i Norden til førsteamanuensis Simona Chera) ved Klinisk institutt 2. Stillinga er finansiert av Novo Nordisk Fonden.

Deltaking i helgevakter kan inngå i stillinga.

Om prosjektet:

Diabetes er ein kronisk sjukdom med høgt blodsukker som skuldast kroppen sin nedsette evne til å produsere eller respondere på insulin. Dei mest vanlege formene for diabetes er vanskeleg å studere grunna deira komplekse etiologi. Som ein konsekvens av dette, er det vanskeleg å skilje mellom multifaktorelle endringar som er direkte ansvarlege for sjukdomsutvikling.

Dette prosjektet foreslår ein ny strategi basert på sjukdomstrekk presentert av ei gruppe monogen diabetes, kalla MODY (Maturity Onset Diabetes of the Young). MODY3 er den mest vanlege MODY typen i populasjonen med europeisk opphav (36-60 %), der berre 63 % mutasjonsberarar er sjuke i ein alder på 25 år, medan 98.7 % får diabetes ved 75 årsalderen.

Ved å ta i bruk avanserte molekylære og cellulære biologiske verktøy, planlegg det oss å følgje lagnaden til insulinproduserande celler i aldrande mutasjonsberande mus modellar, med føremål om å identifisere sjukdoms promoterande faktorar og utarbeide ein strategi for å utsette alders-debut av diabetes.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåver:
  • Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar.
  • Den som vert tilsett vil og drive opplæring av brukarar frå prosjektet knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik ved dyreavdelinga.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med dyr er eit krav.
  • Kurs i forsøksdyrlære etter forsøksdyrforskrifta sitt minimum krav om slik opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er eit krav.
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
  • Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar.
  • Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav.

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 38 - 44 (for tida kr 376 500 - 408 600), for særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Simona Chera, e-mail: simona.chera@uib.no , tlf.: 55971262

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS